Årets Kulturlandskapspris går til Remmem gård

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har gleda av å kunngjere at årets Kulturlandskapspris går til Marius Remmem og Linn Kristin Hestad, som driv Remmem gård i Rauma kommune.
– Prisen er ei anerkjenning av deira viktige innsats for å halde kulturlandskapet i Romsdalen levande og produktivt, seier statsforvaltar Else-May Botten.
Prisen blir overrekt på garden 1. oktober.
Eit landskap med nasjonal verdi
Marius og Linn Kristin driv rundt 1000 dekar jordbruksareal fordelt på Remmem og 20 andre bruk i Romsdalen. Gardsbruka ligg i eit område som Riksantikvaren har peika ut som kulturhistorisk landskap av nasjonal interesse. Landskapet er variert, frå vide flater til stupbratte fjell. Fleire stader ligg det massive steinblokker.
– Marius og Linn Kristin leverer på mange område og har teke på seg eit stort ansvar. Det er krevjande å drive jordbruk i eit slikt landskap. Paret er framifrå representantar for alle som bidreg til å halde kulturlandskapet ope og levande – år etter år, seier Botten.

Allsidig jordbruksdrift
Produksjonen omfattar både korndyrking og gras, og dei har ei ammekubesetning på rundt 100 dyr. Alle dyra beiter i inn- og utmark gjennom sommarhalvåret.

I tillegg til jorda som høyrer til Remmem gård, leiger paret jord frå fleire gardsbruk som ikkje lenger driv aktivt. Bruka er spreidde over store avstandar, og kvar plass har sine særtrekk – noko som krev fleksibel drift og god tilpassing til landskapet.
– Aktiv drift av jordbruksareal er viktig for både lokalsamfunn og matsikkerheit. Marius og Linn Kristin er gode døme på bønder som tek ansvar og skapar ringverknader langt utover sitt eige gardsbruk, seier Botten.
Det er Rauma kommune som har nominert Remmem gård til Kulturlandskapsprisen.
Kontaktpersonar
-
Else-May Botten
Tlf: 71 25 84 12 -
Marie Teigland
Tlf: 71 25 84 39
Juryen 2025
Else-May Botten, statsforvaltar (leiar)
Anders Riise, fylkesordførar i Møre og Romsdal fylkeskommune
Hilde Arna Tokle Yri, seksjonsleiar for kulturmiljø og friluftsliv i Møre og Romsdal fylkeskommune
Frank Madsøy, områdedirektør for berekraftig naturbruk hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Juryen sin uttale
Remmen utmerkte seg med stor drift, viktig rolle i kulturlandskapet og engasjement frå eit ungt par som driv heile 20 bruk. Juryen la vekt på både kulturminneverdiar, landskapspleie og kor viktig drifta er for lokalsamfunnet.
Kulturlandskapsprisen
Prisen består av ein sjekk på kr 10 000, eit kunstverk og ein diplom. Prisen har vore delt ut av Statsforvaltaren i Møre og Romsdal sidan 2001.
Prisvinnaren må vere ein god ambassadør for landbruket og bygde-Noreg.
Finn alle priskriteria og meir informasjon om Kulturlandskapsprisen.