Kvoteordninga for mjølk

Oppdatert 20.06.2023

Kvoteordninga for mjølk skal tilpasse mjølkeproduksjonen til marknaden innanfor dei måla som Stortinget har fastsett. Alle føretak som produserer og leverer mjølk må ha ei mjølkekvote. Leveranse ut over kvota utløyser overproduksjonsavgift.

Landbruksdirektoratet er vedtaksmynde for mjølkekvoteordninga. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal kan hjelpe med generell informasjon og statistikk over mjølkeproduksjonen i Møre og Romsdal.

Om kvoteordninga for mjølk

Mjølkekvota gir deg rett til å produsere ei gitt mengde mjølk i løpet av året. Alle mjølkeprodusentar har ei mjølkekvote.

I utgangspunktet kan alle som har ein landbrukseigedom starte opp med mjølkeproduksjon. Det kan skje ved å kjøpe kvote eller leige kvote. Også eksisterande mjølkeprodusentar kan kjøpe eller leige kvote i tillegg til den kvota dei har frå før. I tillegg kan dei også selje eller leige bort.

Ein skil mellom grunnkvote og disponibel kvote. Grunnkvote er tildelt eller kjøpt til ein eigedom. Den ligg til eigedomen og eigar har råderett over kvota. Kvart år blir grunnkvota justert med eit forholdstal bestemt av Landbruks- og matdepartementet etter drøftingar med faglaga i jordbruket. Dersom det ikkje blir levert mjølk frå ei mjølkekvote i løpet av ti år, fell kvota bort. Disponibel kvote er den kvota eit føretak kan produsere i løpet av eit kalenderår (kvoteår) utan å få overproduksjonsavgift. Overproduksjonsavgifta er p.t. på kr 4,90 pr. liter mjølk. Disponibel kvote for eit enkelt føretak eller for ein enkelt landbrukseigedom kan ikkje overstige 900 000 liter.

Å selje, kjøpe eller leige kvote

Å selje, kjøpe eller leige kvote, kan berre bli gjort innanfor den produksjonsregionen kvota tilhøyrar. For kumjølk har produksjonsregionen vore samanfallande med fylkesgrensene. For geitmjølk har det vore to produksjonsregionar: Nord-Norge og Sør-Norge.

Det er Landbruksdirektoratet som forvaltar kvoteordninga. Det er eigne skjema, og det er sett fristar for å selje, kjøpe eller leige kvote. Fristane er:

  • Sal av kvote: 1. august
  • Kjøp av kvote: 1. oktober
  • Registrering for disponering av grunnkvote: 1. november

Endringane vil vere gjeldande frå og med påfølgande kvoteår.

Les meir om kvoteordninga på Landbruksdirektoratet sine nettsider.