Korona i Temakart-Rogaland

www.temakart-rogaland.no
www.temakart-rogaland.no

Folkehelseinstituttet (FHI) har lagt til rette så vi kan vise ein del tal og statistikk relatert til Covid-19 på kartportalen vår Temakart-rogaland. Statistikken får vi dagleg frå FHI, og tala på registrerte smitta blir automatisk oppdaterte kvar dag. Det gjeld også talet på vaksinerte.

Publisert 16.02.2021

Oversikta over kommunale forskrifter, og over kommunane sitt risikonivå, legg vi inn manuelt når vi får melding om endringar ifrå kommunane. Det får vi som oftast gjennom kommunane sine vekentlege rapporteringer.

Datagrunnlaget er henta frå Folkehelseinstituttets Meldingssystem for smittsomme sykdommer (MSIS). Tal herfra kan avvike noko fra kommunen sine eigne tal, fordi utgangspunktet er kor folk er folkeregistrert, ikkje nødvendigvis kor dei bur eller arbeider. Det kan skje feilregistreringer, som t.d. kan sjåast som enkelte negative hopp i tidsserien for antal smitta totalt.  

Framstillinga i kartløysinga gir det totale talet på smitta i ein kommune, og gir ikkje detaljer eller seier noko om utbreiinga av smitten. Det er kommunelegen som har informasjon om korleis smittesituasjonen er i den enkelte kommune.

Det er ca. 1-2 dagars forseinking i tida frå diagnose til registrering i MSIS. Endring per dag er derfor ikkje nødvendigvis nye smitta det siste døgnet, men nye tilfelle meldt inn. Faktisk prøvedato er ikkje ein del av kartløysinga.