Hå kommune set landbruket på dagsorden

Kulturlandskap i Hå kommune
Kulturlandskap i Hå kommune Foto: Helene M. Skedsmo.

Kommunedelplan for landbruk i Hå kommune er på høyring i desse dagar. Plandokumentet er eit flott og godt dokument å lese, og det får fram viktige fakta om landbruket og landbruksnæringa i ein av dei viktigaste landbrukskommunane i Noreg. 

Publisert 29.04.2021

Hå kommune har på ein god måte klart å setje landbruket på dagsorden, og har gjort et godt stykke arbeid med denne planen. Ein får løfta fram landbruket si rolle i kommunen, kva landbruket bidreg med av positive funksjonar og arbeidsplassar med vidare. Det blir presentert utviklingstrekk og statistikk, peika på utfordringar og gjort kortfatta reie for den historiske utviklinga av landbruket i Hå. 

Planen set også lys på kva utfordringar det er innan landbrukssektoren, opp i mot omsyn som naturverdiar og miljøomsyn. At det meste av landbruksrelatert regelverk blir sett i samanheng og samla i «ein perm» gjer det føreseieleg for dei næringsaktørane som skal gjere tiltak av ulik karakter i landbruksområda.

Statsforvaltaren har nokre innspel til tema som gjerne kunne vore betre belyst, samt andre innspel til justeringar, men i sum er planen eit godt dokument kommunen kan vere stolt av, og med nokre justeringar etter høyringsrunden vil han bli ennå betre.

Det er sjølvsagt viktig at planen blir følgt opp ved at kommunen følgjer opp dei føreslegne mål, strategiar og tiltak i handlingsprogrammet, og at planen ikkje blir liggjande i ein skuff. Vidare er det ein del tema som må følgjast opp i kommande kommuneplanrevisjon, der ein må ha som mål å få inn gode, juridisk bindande arealavklaringar, føresegner og retningsliner som følgjer opp fleire av dei tema kommunen har tatt opp som viktige tema i denne landbruksplanen.

Sjå Statsforvaltaren si uttale i si heilskap i margen til høgre eller ved å klikke her.