Marit Sundsvik Bendixen er ny fylkesmiljøvernsjef i Rogaland

Marit Sundsvik Bendixen er ny fylkesmiljøvernsjef hos Statsforvaltaren i Rogaland.
Marit Sundsvik Bendixen er ny fylkesmiljøvernsjef hos Statsforvaltaren i Rogaland. Foto: John Gunnar Skien / Statsforvaltaren i Rogaland.

Bendixen overtar etter May Britt Jensen, som går til kommunedirektør-jobben i Utsira kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.04.2021

Marit Sundsvik Bendixen (64) har dei siste åra vore assisterande fylkesmiljøvernsjef hos Statsforvaltaren i Rogaland, med ansvar for forureiningsseksjonen. Ho kjenner både avdelinga, oppgåvene og embetet godt.

Ingeniør med sterkt miljøengasjement

Bendixen er frå Stavanger, men har budd i Sandnes dei siste 40 åra. Ho er utdanna ingeniør innan teknisk miljøvern og begynte hos Statsforvaltaren i Rogaland alt i 1998.

- Eg er veldig opptatt av miljø- og naturvern. Derfor har eg lyst å ta ansvaret for dette viktige arbeidet. Dessutan er formidling, det å skapa forståing slik at ein kan ta miljøvennlege val, noko eg brenn for, seier Bendixen.

Overtar 12. april

Det var 11 søkarar til jobben som fylkesmiljøvernsjef/avdelingsdirektør i miljøvernavdelinga hos Statsforvaltaren Rogaland.

Bendixen overtar formelt 12. april.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.