Viper i Sandnes i 2020

Foto: Kjell Ruud Mjølsnes / Statsforvaltaren i Rogaland.

Vipe er ein sterkt trua art. Den er i stor grad knytt til landbruksareal og Rogaland er eit kjerneområde for arten. I 2020 kartla Mangfold Mjølsnes viper i Sandnes kommune. Rapporten frå kartlegginga er no publisert.

Publisert 05.05.2021

Målet med kartlegginga var å finne eit tal på bestanden av vipe i kommunen, og å kartlegge alle hekkelokalitetar for vipe i Sandnes. Fokus var på den «gamle» delen av Sandnes, då Toralf Tysse kartla dei "nye" delane (gamle Forsand) i 2020. Tysse fann ingen viper i denne delen av kommunen. Totalt 302 viper vart registrert på passande hekkelokalitetar innanfor dei gamle kommunegrensene. 

Mindre koloniar

Om lag alle vipene i Sandnes vart funne sør og vest i kommunen. Tettheten av vipe i jordbruksområda som høyrer til Jæren, var fullt på høgde med det me finn i nabokommunane, sjølv om det ikkje vart funne veldig store koloniar. I dei austlege delane av Sandnes var det mange aktuelle hekkeområde for vipe, men svært langt mellom vipene.

Flest viper på graseng

Fleire av dei beste vipeområda i Sandnes i 2020 var mosaikkprega, med særleg mange vipepar på stubbåker. Delen av viper som hekka på stubbåker var langt høgare enn i nabokommunane. Flest hekkande viper vart likevel funne på grasenger. Grasenger er det dominerande markslager også i jordbruksområda i Sandnes.

Kjem tilbake til eit større område

Vipene er kjend for å vere nokså tro til sine hekkeplassar, og dei kjem gjerne tilbake til dei same områda kvart år. Dette betyr ikkje at vipene hekker på dei eksakt same teigane eller åkerlappane år etter år. Vipene er truleg relativt stedtro til eit større område, for eksempel Skas-Heigre eller Årsvoll. Akkurat kor reira leggast, og kor dei tettaste koloniane oppstår, vil likevel variere frå år til år.

I rapporten kan du lese fleire detaljar frå kartlegginga.