Viper i Randaberg og Stavanger 2020

Vipe er ein sterkt trua art som slit med overleving og ungeproduksjon. Det er fleire årsakar til dette, men arealendringar og arealbruk har stor negativ verknad for ungeproduksjon spesielt.

Rogaland er framleis eit kjerneområde for viper i Noreg. Vi støtter difor aktive tiltak, i første rekke knytt til landbruk, men også med årleg kartlegging av vipe i utvalde kommunar. Saman med Stavanger kommune har vi i 2020 fått hjelp til kartlegginga av konsulentane Kjell Mjølsnes og Tor Audun Olsen. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.11.2020

I rapportane kan du lese resultatet av kartlegginga, litt oppsummert nedanfor.

Fleire viper i Randaberg i 2020

Vipekartlegginga i Randaberg kommune viser igjen imponerande mange viper, og det ser ut til at tallet har auka sidan 2018. Men tellingen er gjennomført i april, og det er altså berre observasjonar av hekkande par. Det er ikkje kjent kor mange ungar som kom på vingene. I 2018 var antall ungar på vingene særs lågt, til trass for at antall viper ble anslått til å truleg vere høgaste i heile landet.

I 2018 observerte Mjølsnes & co at mange av stubbåkrane som vipene hadde valgt å etablere seg på blei pløyd opp, mens andre åkerlappar blei dekte av plast. Fleire vipereir gikk tapt og mange par gav opp hekkinga i 2018. Det er positivt at det i år blei registrert enda fleire viper enn i 2018. Det kan jo vere eit teikn på at ein del ungar trass alt klarer seg.

Viper på utmarksbeite på Finnøy og Rennesøy

Årets kartlegging i Stavanger var i dei nye områda av kommunen (gamle Rennesøy og Finnøy kommunar). Det synte seg at flesteparten av vipene hekka på utmarksbeite eller gras-eng, og berre nokre få fuglar blei funne rugande på åker.

Det viktigste hekkeområdet for vipe var utmarksbeitene ved Risavika på Rennesøy, men også områda Galta - Sersberg på same øy. Områda ved den gamle bomstasjonen på Sokn og Fjøløyvatnet på Fjøløy husa ein del hekkande viper. På Finnøy var det to mindre bestandar på Nordre Vignes og på Hauskje, der det i følgje lokalbefolkninga kjem vipeungar på vingene mest kvart år.

Godt med vipe i jordbruksområda på nord-Jæren

Mjølsnes & co skriv vidare at det er gode indikasjonar på at det var relativt godt med vipe i jordbruksområda på nord-Jæren våren 2020, og at dette også til ein viss grad syner att på øyane i Boknafjorden.

Vipa er ein kjent og kjær fugl for mange; ikkje minst for mange gardbrukarar. Vi må fortsette det gode arbeidet i lag, med målretta tiltak for å ta vare på leveområda generelt og ikkje minst tiltak og omsyn som får fleire ungar på vingene.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.