Kartlegging av natur i Rogaland 2020

I mai vil Miljødirektoratet starte kartlegging av naturtypar for utvalde område i Rogaland. Biologer frå Ecofact Sørvest vil kartlegg utvalde område, medan Miljøfagleg Utredning og Natur og Samfunn vil kartlegge innanfor einskilde verneområde.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.04.2020

Kart over område for kartlegging: A) Oversikt over områda som skal kartleggast i år; grøn = utvalde område for kartlegging, og blått = verneområde som skal kartleggast. B) Eit døme frå kartlegginga i 2018; berre utvalde naturtypar vert registrert, men heile areal innanfor områdeomrisset har vore undersøkt til fots. Dei mørkelilla figurane er dei naturtypeareala med svært høg kvaliteten.

Kvifor kartlegge natur?

Arbeidet ein del av ein nasjonal kartlegging for å betre kunnskapsgrunnlaget om norsk natur, vedteke av Stortinget i 2015. Data som vert innhenta i felt vil mellom anna bli brukt i arealplanprosessar. Det vil bidra til ein effektiv og lik handsaming slik at det blir lettare å ta rette avgjerder også med omsyn til naturverdiane i regionen. Kartlegginga vil vere nyttig for grunneigarar, mellom anna om dei søkjar tilskot til tiltak for trua natur og kulturlandskap, eller støtteordningar som SMIL og regionalt miljøprogram (RMP).

Kva kartleggast?

Miljødirektoratet har valt ut 109 ulike naturtypar som skal kartfestast i heile landet. Desse naturtypane er raudlista (trua) i Noreg, eller viktige leveområde for trua og nær trua artar. Kartlegginga blir utført av fagbiologer med høg kompetanse og erfaring i naturtypekartlegging. Registreringane skjer ved at dei teiknar inn naturtypane på digitale kart, og at dei samstundes gir kvar registrering ein lokalitetskvalitet ut ifrå biologisk mangfald og tilstand. Kartlegginga skjer til fots og områda som skal kartleggast kan innehalde både innmark og utmark.

Registreringane skjer etter Miljødirektoratet sin instruks som bygger på eit standardisert system for omtale av natur; Natur i Noreg (NiN). Ferdige kart vil bli tilgjengelege via Naturbase og Temakart-Rogaland.

Kven kan eg kontakte?

All ferdsel skjer i tråd med friluftslova og reglar for god ferdselskultur. Det kan vere naudsynt å gå på/langs innmarksareal. Om det er særskilte omsyn som må takast i samband med ferdsel, eller du ikkje samtykker til anten ferdsel på din innmark eller uttak av små mengder plantemateriale for identifisering, bes du kontakte Fylkesmannen i Rogaland, sjå kontaktinformasjon.