Åkerrikse

Åkerriksa (Crex crex) er ein lysebrun og spraglete fugleart med mørke striper og grå parti på hovudet. Ho er sky og blir nesten aldri sett, men den karakteristiske songen hennar "kreks, kreks - (liten pause) – kreks, kreks", kan høyrast godt i sommarnatta. Ho overvintrar i Afrika og kjem til Norge frå mai og utover. Åkerriksa er kritisk trua i Noreg.

Åkerriksa hekkar i ope kulturlandskap og andre område med høg gras- og urtevegetasjon. Tidlegare var ho vanleg i låglandet i Noreg nord til kysten av Helgeland, men på slutten av 1800-talet byrja bestanden å gå kraftig tilbake, og på 1950-talet var arten nesten heilt borte som hekkefugl på store delar av Austlandet. Åkerriksa greidde seg betre i delar av Rogaland, på Lista (Vest-Agder) og i delar av Møre og Romsdal, men også der gjekk bestanden kraftig tilbake. På midten av 1990-talet var det truleg berre 50-75 syngande hannar att i heile Noreg. Fram til 2003 auka talet til 235 syngande hannar, men har dei siste åra gått nedover att. 

Høyr klipp

Åkerriksa er klassifisert som kritisk trua på den nasjonale raudlista i Noreg. Ho står også på Bonn-konvensjonen si liste over globalt trua fugleartar. Arten har hatt ei negativ bestandsutvikling tilsvarande den norske i dei fleste andre land i Vest-Europa. Situasjonen i Aust-Europa er førebels betre, og ein antar at individ derfrå er med på å halda bestanden oppe i Noreg.

Bestandsnedgangen til åkerriksa skuldast i hovudsak endra landbrukspraksis frå slutten av 1800-talet og fram til i dag. Ettersom åkerriksa er stekt knytt til eng som vert hausta regelmessig, har omlegging til siloslått, og tidlegare slåttar, som fell saman med tida når åkerriksa kjem til hekkeplass, ført til at hekkinga svært sjeldan lykkast. Også slått/tresking i seinare i hekkeperioden er eit problem. Med slåmaskinar går slåtten raskare. Ungane kjem seg difor ikkje unna, men blir drepne eller maltrakterte i slåtten. Også vaksne fuglar kan bli drepne under slått/tresking. Fleire slåttar og lang ruge- og ungetid gjer at åkerriksa heller ikkje greier å få opp ungar i mellom slåttane. Samstundes har effektivisering og utvikling i jordbruket ført til at svært mykje av åkerriksa sitt naturlege og semi-naturlege hekkehabitat har blitt øydelagt, hovudsakleg på grunn av oppdyrking, nedbygging og opphøyring av tradisjonell drift. I dag åkerriksa difor avhengig av heilt menneskeskapte miljø som åkrar og fulldyrka slåtteeng.

Åkerriksa er tilpassa høg ungeproduksjon (store kull, og gjerne to kull kvart år), med låg vaksenoverleving. Sterkt redusert ungeproduksjonen i det moderne jordbrukslandskapet rammar dermed åkerriksebestanden hardt.

Miljødirektoratet har laga ein handlingsplan for åkerrikse (DN rapport 2008-3) som byggjer på eit forslag frå Norsk ornitologisk foreining (Isaksen 2006). Handlingsplanen omfatter ei rekke tiltak for å ta vare på åkerriksa som ein del av den norske faunaen, og Statsforvaltaren i Rogaland koordinerer iverksetjing av tiltaka.

Meir informasjon om handlingsplan for åkerrikse.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.