Dispensasjon frå krav om beitetid

Lange periodar med nedbør og blaute beite kan gjere det vanskeleg å oppfylle kravet til beitetid i det generelle beitetilskotet. Fylkesmannen kan dispensere frå kravet, men berre i heilt spesielle tilfelle. Vi anbefaler å vente til oktober med å søkje dispensasjon.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.08.2017

Gjeldande krav for tilskot til dyr på beite

For å ha rett på tilskot til dyr på beite, må dyra gå på beite i minst 16 veker for føretak med driftssenter i kommunane Bjerkreim, Gjesdal, Sandnes, Stavanger, Strand, Hå, Klepp, Time, Sola og Randaberg. I resten av fylket er kravet minst 12 veker.

Kravet er at dyra må gå på beite i totalt 16/12 veker, og at hovuddelen av det daglege grovfôrinntaket desse vekene skjer ved beiting. På beitet må det vere god nok tilgang på beitevekstar. Berre ein mindre del av det daglege grovfôrinntak kan vere hausta grovfôr.

Dispensasjon

Mykje regn og problem med blaute beite som lett blir tråkka opp gjer at mange spør om det er mogleg å få dispensasjon frå kravet til beitetid.

Fylkesmannen kan i særlege tilfelle gi dispensasjon, og godkjenne eit mindre tal veker på beite. Vi syner i den samanheng til Landbruks- og matdepartementet sitt fastsetjingsbrev for forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket, datert 19.12.2014, kap. 5.2.2:

«For å kunne innvilge dispensasjon, kreves det imidlertid at det skal foreligge et ”særlig tilfelle”. Det skal derfor mye til før dispensasjon kan gis. Eksempelvis vil en generell henvisning til at 16 ukers beitetid i enkelte områder vil kunne oppleves som lenge, ikke være nok. (…) Det kan likevel tenkes at det for enkelte år og i enkelte områder vil kunne foreligge særlig klimatiske forhold som gjør det umulig å oppfylle kravet til beitetid i innmark. I slike tilfeller bør fylkesmannen kunne dispensere ved å redusere antall uker i nødvendig grad».

Frist for å søkje beitetilskot er 15. oktober, og fram til 29. oktober kan søknaden endrast. Vi anbefaler å vente med å søkje dispensasjon til vi ser korleis slutten av beitesesongen blir.

Bønder som då ser at dei ikkje vil klare beitekravet grunna dårleg ver, må søkje om dispensasjon for å ha rett på beitetilskot. Fylkesmannen vil vurdere om det kan leggjast til grunn eit lågare tal veker på beite for å ha rett på beitetilskot denne søknadsomgangen.

Fylkesmannen kan ikkje gi ein generell dispensasjon for særskilte område. Det er det enkelte føretak som må søkje dispensasjon. I ein dispensasjonssøknad er det viktig å gi ei god forklaring av korleis tilhøva har vore, vise til kor lenge dyra har vore på beite, kor store beiteareal som har vore tilgjengeleg og kva som er årsaka til at det ikkje har vore mogleg å ha dyra på beite lenger. Søknaden skal stilast til Fylkesmannen og sendast til kommunen.

Det er ikkje pårekneleg å få dispensasjon frå krav om beitetid i minst 5 veker for tilskot til beiting i utmark.

Har du spørsmål, ta kontakt med landbrukskontoret i din kommune.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.