Våronn i skogane i Rogaland

Våren er den beste tida for planting av skog. Det byrjer å bli varmt i veret, men det er framleis fuktig i jorda og plantene får etablert seg godt. I frå april ut over sommaren er det våronn i skogane og mykje aktivtet. Dei siste 10 åra har det i snitt blitt planta 500 000 skogsplanter i Rogaland, og omkring like mange er venta i jorda i år.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.06.2020

Ein kan leige folk til å gjere plantearbeidet gjennom næringsaktørane, men ein del skogeigarar vel å plante sjølv. Kommande skogeigar Rasmus A. Stokkeland plantar no gran på eigedomen til svigerfar.

- For meg er det viktig å at areala blir sett i produksjon igjen etter hogst slik at kommande generasjonar kan nytte seg av skogressursen på same måte som tidlegare generasjonar har gjort.

Stokkeland er tilflyttar til Hjelmeland kommune, ein aktiv skogbrukskommune i Rogaland. Skogbrukssjef Kristofer Tveiterå fortel om stor hogstaktivitet i kommunen over fleire år og ventar no at den blir fulgt opp med planting av hogstareala.

– For skogeigaren er dette ei investering for framtida. I skogbruket må perspektiva vere langsiktige, det tar tid før investeringane kastar av seg. I Hjelmeland og mange kommunar i Rogaland er det tilskotsordningar til planting etter hogst, treslagsskifte og suppleringsplanting for å initiere planteaktivitet. Ein kan også nytte skogfond for å dekke eigenandelen på investeringane.

Stein Bomo frå Fylkesmannen i Rogaland, skogeigar Rasmus A. Stokkeland og skogbrukssjef i Hjelmeland kommune Kristofer Tveiterå befarar plantefelt i Hjelmeland. (Foto: Birgit S. Hagalid).

Skogen som karbonfangar

Rogaland har svært gode vekstforhold for skogproduksjon med lang vekstsesong, rikeleg med nedbør og næringsrik jord. Spesielt granartane trivst godt her, og gir høg produksjon og rettvakse virke av god kvalitet.  

Summen av skogen sitt klimabidrag er binding av CO2 og effekten av bruk av trevirke ved å erstatte andre meir forureinande byggjematerialar og energikjelder. Høg produksjon kombinert med gode tømmerkvalitetar gir størst klimanytte. Bruk av trevirke til produkt og bygg med lang levetid er eit godt klimatiltak.

Skogen i Noreg tek opp omlag 25 mill. tonn CO2 årleg, noko som tilsvarar om lag 50 % av utsleppa nasjonalt. I tillegg kjem substitusjonseffekten ved bruk av trevirke til treprodukt, bygg og energi som erstattar andre byggjematerialar med høge utslepp av CO2.

Dei siste 10 åra har det i snitt blitt planta 500 000 skogsplanter i Rogaland, totalt 5 millionar planter. Dette tilsvarar eit areal på om lag 18 000 dekar. Mesteparten av areala er høgproduktive der vi kan forvente ein gjennomsnittleg årleg produksjon på 1 m3/dekar. For å produsere 1 m3  tømmer bindast det om lag 1,8 tonn CO2 inkludert røter, greiner og barmasse. Skogarealet på 18 000 dekar vil då i gjennomsnitt binde rundt 33 000 tonn CO2 årleg. Til samanlikning er utsleppa frå en moderne bil i dag med kjørelengde 15 000 km om lag 1,5 tonn CO2

Stein Bomo ved Fylkesmannen i Rogaland fortel om vårplantinga og fordelane med å plante skog i filmsnutt på Youtube.