Tema: Skogsdrift

Skogbruk er produksjon og hausting av ein fornybar ressurs gjennom hogst. Hogsten legg grunnlag for inntekt til skogeigaren, verdiksaping, sysselsetting, karbonbinding og produksjon av ei rekke produkter. Regelverket og sertifisering skal sørge for omsynet til miljøverdiar, kulturminne, friluftsliv og ei berekraftig utnytting av naturressursane.

Publisert 15.12.2020, Sist endra 20.07.2021

Skogeigar sitt ansvar

Skogeigaren har ansvaret for at tiltak som blir gjennomført i skogen skjer i samsvar med lovar og forskrifter, mellom anna skogbrukslova og forskrift om berekraftig skogbruk.

Skogeigaren skal ha oversikt over miljøverdiane i eigen skog og ta omsyn til dei ved gjennomføring av alle tiltak i skogen, jf. kapittel 2 i forskrift om berekraftig skogruk. Slike omsyn kan føre til at nokre tiltak i skogen ikkje kan gjennomførast. Innafor desse rammene står skogeigaren fritt til å forvalte skogen ut frå eigne mål.

Skogbruksplan viktig verktøy

Skogbruksplan med miljøregistreringar gir skogeigaren informasjon om skogressursane og miljøverdiane på eigedommen. Dette er det viktigaste verktøyet skogeigaren har for å drive eit aktivt og berekraftig skogbruk. Basert på den kan skogeigaren forvalte skogen på ein økonomisk og økologisk forsvarleg måte.

Skogbruksplan blir utarbeidd gjennom eit samarbeid mellom Statsforvaltaren, kommunen, skognæringa og skogeigarane. Ta kontakt med kommunen om du ynskjer skogbruksplan for din eigedom. Miljøinformasjon ligg også tilgjengeleg i karttjenesten Kilden.no til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).

Når skal skogen hoggast?

Før hogst av skogen bør skogeigaren vurdere om skogen er moden for hogst. Bonitet, alder og tilvekst påverkar om skogen er hogstmoden. Hogger ein for tidleg kan ein gå glipp av store verdiar sjølv om tømmerprisen er god. Les meir om dette i informasjonsskrivet "Tap ved tidlig hogst" frå Skogkurs. Heftet «Tømmersalg for dummies» gir også nytting informasjon om kva ein skogeigar må tenke på ved hogst og sal av tømmer.

Ta kontakt med skogansvarlig i kommunen ved behov for nøytral veiledning.

Plikt til forynge etter hogst

Skogeigaren skal sørge for tilfredsstillande forynging innan 3 år etter hogst, og sjå til det er samanheng mellom hogstform og metode for forynging, jamfør kapittel 3 i forskrift om berekraftig skogbruk. Ved hogst av planta barskog vil ein vanlegvis forynge ved å plante egna treslag etter hogst.

Skogsdrift i bratt terreng

Fylkestaksten i Rogaland viser at 54 % av volumet med hogstmoden skog står på areal med vanskelege driftsforhold med stigning over 33 %. Taubanedrift vil vere einaste aktuelle driftsmetode for å kunne utnytte delar av dette volumet som står i bratt og vanskeleg terreng.

I område som ikkje er fullt så bratte vil drift med vanleg hogstmaskin, lassbærer samt T-vinsj eller  gravedrifter vere aktuelt. Prisane for hogsten av tømmeret vil variere med type drift. Kontakt den skogansvarlege i kommunen for nøytral veiledning.

Meldeplikt i vernskog

Opp mot fjellet og ut mot havet tener skogen som vern mot ver, vind og naturskadar for annan skog, dyrka mark og bygningar. 14 kommunar i Rogaland har i dag definerte grenser for vernskog jf. § 12 i skogbrukslova. 

Hogst i vernskog skal meldast til kommunen seinast 3 veker før hogsten startar.

Rapportering av hogst til virkesdatabasen

Alt omsett tømmer, virke og juletre (ut over skogeigar sitt eige husbehov) skal rapporterast inn til virkesdatabasen. Opplysningane er grunnlaget for trekk og innbetaling til skogfond.Det er kjøparen av tømmeret som er ansvarleg for rapporteringa.

Skogeigar må sjølv rapportera småsal eller direktesal av tømmer, ved, juletre og pyntegrønt. Skogeigar er då både leverandør og kjøpar i systemet. Rapportering av slikt sal skjer gjennom Altinn.

Virkesdatabasen har fleire viktige funksjonar:

  • Å sikre trekk og innbetaling av skogfond
  • Å gi dei politiske myndigheiten oversikt over aktiviteten i skogen
  • Å legge grunnlag for FOU-avgift til Skogtiltaksfondet.
  • Å dokumentera at hogst blir utført på lovlig måte (Tømmerforordningen).

Skogfond

Skogfond med skattefordel er ei økonomisk særordning for skogbruket som bidrar til å auke lønnsamheita for skogeigaren og at noko av avkastinga frå skogen blir tilbakeført gjennom vidare skogproduksjon.

Når skogeigaren sel tømmer, juletre eller biobrensel blei ein del av salssummen sett av i eit fond som følgjer skogeigendomen og som skogeigaren kan bruka til langsiktige investeringar i skogen. For sal av juletre og pyntegrønt er avsettinga frivillig.