Resultatkartlegginga 2019: Skogressursen forsvinn bit for bit

Berre ein tredjedel av undersøkte hogstflater frå 2016 var tilfredsstillande forynga tre år etter hogst. Det visar resultatkartlegginga frå 2019. Konsekvensen er eit aukande etterslep på planting og at skogressursane i fylket bygges ned.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.04.2020

Kvart år blir det trekt ut eit tilfeldig utval av tre år gamle hogstflater til kartlegging av forhold knyta til den gjennomførte hogsten og forynginga etterpå. Det er kommunen som har ansvaret for gjennomføringa av kartlegginga. Dei ser mellom anna på om foryngingsplikta er overheldt - plikta til å sørge for tilfredsstillande forynging etter hogst jamfør skoglova.

Resultatkartlegginga 2019

I 2019 var det berre 29 prosent av det undersøkte arealet som var tilfredsstillande forynga på tidspunktet for kontroll (grønt i diagrammet til venstre). Ein tredjedel av arealet var ikkje tilfredsstillande forynga eller ikkje forsøkt forynga (gult og oransj). Den styrste andelen av kaka er likevel areal til omdisponering (blå, lyseblå). I 2019 var heile 36 prosent av areala fortsett under omdisponering på kontrolltidspunktet. Dette er i hovudsak areal som eigaren ynskjer å omdisponere til innmarksbeite men som enno ikkje er godkjent.

 

imageru4vi.png

Ein trend over mange år

Dette er urovekkande, men ikkje overraskande. Samanstillinga til høgre i figuren visar at dette ikkje er unike tal for 2019 men at dei samsvarar med dei summerte tala for perioden 2011-2019.

Når berre ein tredel av flatene er tilfredsstillande forynga tre år etter hogst betyr det at skogressursen bygges ned. Dagens skogeigarar i Rogaland kan no hauste fruktene av den storstilte skogreisinga som skjedde på midten av 1900-talet. Ved å ikkje forynge arealet frårøver me framtidas skogeigarar den same moglegheita. Samtidig har skogareala langs kysten stort potensiale for karbonbinding med gode vekstforhold og høge bonitetar. Med manglande forynging blir ikkje dette utnytta.

Tala gjenspeiler situasjonen tre år etter hogst, og seier ikkje noko om kva som skjer på felta etter dette. Det er difor sannsynleg av biletet er noko betre enn det ein kan sjå av diagrammet. Tala er likevel bekymringsverdige, og då spesielt den store andelen som er under omdisponering. Dette er areal som per definisjon ligg brakk då dei ikkje er planlagt forynga og heller ikkje er tatt i bruk til jordbruk. Dette er svært uheldig, spesielt med dei høgproduktive areala me har mange stader i Rogaland. For kvart år eit areal ligg brakk tapar ein potensiell inntekt og næringsutvikling. Dette er uheldig både for den enkelte grunneigar og samfunnet.

For at kommunen skal kunne godkjenne ei omdisponering må arealet tilfredsstille gitte krav. Det skal blant anna vere eit dekke beståande av 50 prosent grasarter. Omdisponeringa må skje i løpet av dei tre fyrste åra etter hogsten, men grunneigar kan søke om å utsette fristen med inntil to år. I Rogaland har me regionale retningsliner for omdisponering av skogareal til jordbruksformål der dette kjem fram. Du finn dei i menyen til høgre.