Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Industriell skogsatsing i Rogaland

Tømmer ligger klar på tømmerkaien. Skal det til dyrefôr?
Tømmer ligger klar på tømmerkaien. Skal det til dyrefôr? Foto: Stein Bomo.

AT Skog går inn som eigar i Norsk Skogsmelasse AS. Langsiktig innsats i å utvikle teknologi og prosess for utvinning av sukker frå skogsråstoff til bruk i kraftfor kan bli ein realitet på Tau i Rogaland. Dette skjer i samarbeid med Fiskå Mølle, som er styrste eigar.

Publisert 22.03.2021

Dette er svært gledeleg og ein milestolpe for industriell utnytting av skogressurane til dyrefôr i regionen og landet.

Prosjektet er i sin siste fase, og investeringsavgjerd blir teke i løpet av våren.

Innovasjon Norge har bidratt med om lag 20 mill. kr i tilskot til utviklinga og grunnlaget for den patenterte prosessen Norsk Skogsmelasse AS skal bruke.

Dette er bioøkonomi i praksis og vil i større grad gi bønder kraftfôr basert på norske og lokale ressursar. Sjå eiga pressemelding frå AT-skog for meir informasjon.