Framleis tilskot til skogsdrifter med høge driftskostnadar

Det er framleis gode moglegheiter til å få tilskot til heilmekaniserte drifter med høge driftskostnadar og ekstra tilskot til taubanedrifter. Furu- og lauvdrifter med påfølgande treslagsskifte er blant aktuelle og prioriterte tiltak i Rogaland.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.09.2020

I juni blei det bevilga 50 millionar kroner i ei ekstraordinær tiltakspakke for skogbruket med føremål å halde hogstaktiviteten oppe og hjula i gong i skogbruket då koronaviruset spreidde seg. Midla går til å dekke tilskot til heilmekaniserte drifter med høge driftskostnadar der ein tek ut tømmersortiment det er avsetning for i marknaden. Tilskotet blir regulert gjennom «Midlertidig forskrift om tilskudd for å opprettholde hogstaktivitet i skogbruket 2020»

Per 15. september er det ti drifter som er aktuelle for tilskot i Rogaland og mykje tydar på at Rogaland si ramme på 790 000 vil bli brukt opp. Det er likevel svært gode moglegheiter for tilskot til gode tiltak då Landbruksdirektoratet framleis har ein sentral pott til bruk til dette føremålet.

Furu- og lauvdrifter med påfølgande treslagsskifte er blant aktuelle og prioriterte tiltak i Rogaland.

Andre tiltak som er omfatta av ordninga er:

  • Tilskot til heilmekanisert tynning
  • Tilskot til heilmekaniserte drifter med høg driftskostnad
  • Tilskot til taubanedrift

Tiltaka skal vere skogfagleg forsvarlege samstundes som viktige miljøverdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kultuminne blir ivareteke.

Det er ikkje meir enn tida og vegen for å utnytte ordninga, for driftene må være avslutta 1. desember for å vere omfatta av ordninga.

Det er skogeigar som søker. Søknad om tilskot etter denne forskrifta skal sendast kommunen digitalt via Skogfond på nett, eller på søknadsskjema fastsett av Landbruksdirektoratet. Kommunen greier ut saka og gir ei fråsegn til søknaden før saka blir oversend fylkesmannen. Fylkesmannen gir tilsagn om tilskot.

Utbetaling av tilskot skjer på oppfordring frå søkar etter at tiltaket er gjennomført. Siste frist for oppfordring om sluttutbetaling er 30. november 2020. 

Les meir om ordninga på nettsidene til Landbruksdirektoratet.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.