Ekstraordinært tilskot for å oppretthalde hogstaktiviteten i 2020

Landbruks- og matdepartementet har fastsett ny midlertidig forskrift for å oppretthalde hogstaktiviteten i skogbruket i 2020. Tilskotsordninga skal bidra til å halde hjula i gong for heilmekaniserte skogsentreprenørar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.06.2020

Det er redusert avsetning på tømmer i Noreg og Europa på grunn av koronasituasjonen, og skogsentreprenørar må redusere bemanning på grunn av lågare etterspørsel etter tjenestane deira. Den 9. juni fastsette Landbruks- og matdepartementet ei midlertidig forskrift om tilskot til drifter med svak økonomi for å avhjelpe situasjonen for skogsentreprenørane. Sjå pressemeldinga til regjeringa her.

Vil stimulere til aktivitet

Ordninga skal bidra til at skogeigar ynskjer å sette i gong drifter med tømmer det framleis er avsetning for som også har relativt høg andel maskintid per m3 produsert skogsvirke. Det er skogeigar som kan søke om tilskot og hensikten er å betre økonomien i driftene. Drifter starta etter 12. mai kan søke tilskot frå tiltakspakka.

Etter forskrifta kan fylkesmannen gi tilskot til heilmekanisert tynning, heilmekaniserte skogsdrifter med høge driftskostnadar og taubanedrifter. Nærare beskriving av kva tiltak som Tilskota i ordninga kan kombinerast med ordinære NMSK-tilskot i kommunen.

Skogeigar sender søknad om tilskot til kommunen som forbereder og gir ein uttalelse til saken. Den oversendes til fylkesmannen som avgjer om det gis tilsagn om tilskot. Tilsagn og utbetaling av tilskot kan først skje etter at saka er vedtatt i Stortinget 19. juni.  Tilskotet betalast  ut etter at tiltaket er gjennomført ved at skogeigar sender anmodning om utbetaling til kommunen. Fristen er sett til 30. november 2020.

Les meir om innhaldet i tiltakspakka, søknad og saksbehandling på nettsidene til Landbruksdirektoratet her.