Berekraftveka: Slik kan kommunane i Rogaland stille klimakrav i offentlege innkjøp

Dato:
27. oktober 2021 12:30 - 14:00
Stad:
Webinar på Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Rogaland, Klimapartnere Rogaland og Grønn by
Målgruppe:
Lokalpolitikarar, kommunedirektørar, innkjøpsansvarlege i kommunen og sjølvsagt andre som er interesserte i temaet
Under Statsforvaltaren si berekraftsveke ser vi nærare på innkjøpskrafta i kommunane.
Under Statsforvaltaren si berekraftsveke ser vi nærare på innkjøpskrafta i kommunane.

Årleg kjøper kommune, fylke og stat inn varer og tenester for om lag 600 milliardar kroner. Innkjøpa utgjer heile 16 prosent av Noregs totale klimafotavtrykk. Vi utfordrar kommunane til å bruke sin grøne supermuskel til å stille klimakrav i offentlege innkjøp, og ønskjer dei velkomen til webinar 27. oktober. Her ser vi på lokale eksempel og lærer meir om kvifor og korleis.

Publisert 29.09.2021

Webinaret er retta mot lokalpolitikarar, kommunedirektørar, innkjøpsansvarlege i kommunen og sjølvsagt andre som er interesserte i temaet. Bak arrangementet står Klimapartnere Rogaland, Grønn by og Statsforvaltaren i Rogaland.

Program kl 12.30–14.00

Møteleiar er Geir Skadberg som for tida fungerer som assisterande statsforvaltar. På programmet står: 

12.30 Velkomen ved statsforvaltar Lone Merethe Solheim

12.35 Klimafloka i offentlege innkjøp

På oppdrag frå Klimapartnere Rogaland og i samarbeid med DFØ undersøkte studentar flaskehalsane med grøne offentlege innkjøp. Regionleiar i Klimapartnere Rogaland, Anne Marie Lofthus, presenterer funna i rapporten.

12.45 Slik kan kommunane sette klimakrav i offentlege innkjøp

For kommunane er klima- og miljøkrav spesielt relevant for transport, bygg, anlegg og eigedom (BAE), mat og måltidstenester, plastprodukt, møbler m.m. Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) rettleiar og hjelper kommunane med konkrete verktøy og råd. Vi høyrer frå Christian Tangene i DFØ.

13.05 Innovasjon i kjølvatnet av offentlege innkjøp

Stig Bang-Andersen jobber med Nasjonalt program for leverandørutvikling, LUP. Han gir oss ei kort innføring i kva dei gjer, og korleis dei kan hjelpe stat og kommune til å vere ein pådrivar for innovasjon gjennom offentlege innkjøp.  

13.15 Erfaringar med grøne innkjøp i kommune-Noreg

På Haugalandet samarbeider kommunane om "Klimasats" for å stille miljøkrav i sine innkjøp. Vi høyrer frå primus motor Anja Kjellesvik-Kristiansen som jobber i innkjøpsavdelinga i Karmøy kommune.  

I Agder samarbeider kommunane Bykle, Valle, Bygland, Evje og Hornes, Iveland, Vennesla, Åseral og Birkenes om å systematisere arbeidet med å sette klimakrav i sine anskaffingar. Prosjektleiar for "Klimavennlige anskaffelser på Indre Agder" Roy Akselsen gir oss eit innblikk i satsinga. 

Tid til spørsmål, synspunkt og kommentarar

 

Påmelding

Webinaret er gratis og opent for alle interesserte. Du melder deg på ved å fylle ut registreringsskjema på deltager.no. innan 25. oktober. Dagen før sender vi ut link til Teamsmøtet. 

Velkomen!

Dato:
27. oktober 2021 12:30 - 14:00
Stad:
Webinar på Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Rogaland, Klimapartnere Rogaland og Grønn by
Målgruppe:
Lokalpolitikarar, kommunedirektørar, innkjøpsansvarlege i kommunen og sjølvsagt andre som er interesserte i temaet