Korleis snakke med barn og unge om vald og overgrep

Dato:
14. september 2021 09:00 - 14:00
Stad:
Digitalt
Arrangør:
RVTS, Statsforvalterne i Vestland og Rogaland
Målgruppe:
Tilsette i skole, barnehage, helse, sosial og barnevern. Alle i kommunane i Vestland og Rogaland som møter barn og unge i sitt arbeid.

Statsforvaltaren og RVTS inviterer til introduksjonskurs med tema korleis snakke med barn og unge om vald og overgrep.

Publisert 23.06.2021

Vald og overgrep mot barn og unge er eit stort samfunnsproblem. Om lag 1 av 20 barn vegs opp under forhold prega av vald. Å vekse opp med vald, overgrep og omsorgssvikt aukar risikoen for alvorlege fysiske og psykiske helseplagar seinare i livet.

Barn treng trygge vaksne! På introduksjonskurset vert du kjent med nettressursane Snakke med barn og Jeg vet. «Snakke med barn» og «Jeg vet» kan bidra til at nettopp DU vert ein vaksen som vågar å sjå og tør å handle når du er bekymra for eit barn.

Etter kurset vil du:

- Ha grunnleggande kunnskap om kva som er viktig i samtalar med barn og unge

- Ha god oversikt over dei digitale kunnskapsplattformane snakkemedbarn.no og Jegvet.no

- Ha god kjennskap til simuleringsdelen av snakkemedbarn.no

- Kunne bruke snakkemedbarn.no til undervisning, utvikling og rettleiing i di teneste

- Kunne bruke snakkemedbarn.no til eigentrening og utvikling i samtalar med barn og unge

- Få moglegheit til å melde deg som «Snakke-fadder»

Førelesarar er spesialkonsulent/barnevernspedagog Linda Kvalvik og psykologspesialist Steinar Hvål.

Førebuing til kurset:

Vi ønsker at de gjer dykk kjent med nettressursane «Snakkemedbarn.no» og «Jegvet.no». På «Snakkemedbarn.no» er det ein fordel om du har registrert deg. Sjå også filmen «Snakke sammen – hvordan opprette brukerprofil?»

Kurset er digitalt. Lenkje blir sendt påmelde deltar i eigen e-post.

 

Kurset er gratis. 

Påmeldingsfrist 12. september. Lenke til kurset sendes til påmeldte 13. september.

Ved å melde deg på denne samlinga, samtykker du samtidig til at namn og kontaktinformasjon blir delt med arrangørar og at den kan bli synleg i ein Outlook-invitasjon.

 

 

 

 

Dato:
14. september 2021 09:00 - 14:00
Stad:
Digitalt
Arrangør:
RVTS, Statsforvalterne i Vestland og Rogaland
Målgruppe:
Tilsette i skole, barnehage, helse, sosial og barnevern. Alle i kommunane i Vestland og Rogaland som møter barn og unge i sitt arbeid.