Barnehagekonferansen 2019

Dato:
2. mai 2019 09:00 - 15:40
Stad:
UiS, Kjell Arholms Hus
Arrangør:
Fylkesmannen, Utdanningsforbundet og UiS
Målgruppe:
Alle som arbeider i og med barnehage

Barnehagekonferansen 2019 har tema: Alle barn har rett til eit godt og trygt barnehagemiljø.

 

Publisert 21.08.2018

Trygt og godt barnehagemiljø

Barnehagar skal fremje leik, helse, trivsel, læring og inkludering. Regelverket pålegg barnehagar å skape trygge og gode barnehagar, samt forebygge og handtere mobbing og krenkingar. Foreldre skal vere sikre på at når barnehagen overtek omsorg for deira barn, har barna eit trygt og godt barnehagemiljø.

Kompetanse om eit trygt og godt barnehagemiljø

Barn uttrykker at leik og vennskap er det viktigaste i barnehagen. Leik fremjer inkludering i barnefellesskapet, vennskap og trivsel og utvikling av sosiale ferdigheiter. Undersøkingar syner at kompetansen, evnen og viljen til å inngå i gode relasjonar med barn, gi god omsorg, og støtte barna sin leik, varierer både mellom barnehagane og innad i personalgruppen.

Rammeplanen for barnehagen sitt innhald og oppgåver viser til at inkludering i barnehagen handlar om tilrettelegging for sosial deltaking. Barnehagen sin viktigaste sosialiseringsarena er leiken. For nokre barn kan tidleg innsats innebere at personalet arbeider særleg målretteta og systematisk med å inkludere barnet i meiningsfulle fellesskap.

Barnehagekonferansen 2019 vil vektlegge ulike forhold knytt til at Alle barn har rett til eit godt og trygt barnehagemiljø.

Last ned program for konferansen

 

Tid: 2. mai 2019 Kl. 09.00 - 15.40

Stad: Universitetet i Stavanger, Kjell Arholms Hus, Auditorium 1

Pris: kr 500,-

Parkering:   Det er begrensa parkeringskapasitet ved Universitetet i Stavanger. Den største parkeringsplassen finnst på sør-vestsida av Kjølv Egelands Hus. Det er også parkering aust for Kjell Arholms Hus. For å få eit oversyn over campus kan ein gå inn på kartet ved å følgje linken: https://use.mazemap.com/#v=1&zlevel=1&campusid

Kontaktpersoner

Jorunn Helland  - FM  mob. 924 99 396

Karin Berner - UiS     mob. 466 60 102

Kari Holmøy - UDF     mob. 959 30 482

Påmelding: Bindande påmelding på skjema nedanfor innan 23. april 2019

Dato:
2. mai 2019 09:00 - 15:40
Stad:
UiS, Kjell Arholms Hus
Arrangør:
Fylkesmannen, Utdanningsforbundet og UiS
Målgruppe:
Alle som arbeider i og med barnehage

Kontaktpersonar

Dokument