Døme på prosedyreskildring for TISK-strategien ved lokale smitteutbrot

For å slå ned eit lokalt smitteutbrot må kommunane handle raskt og målretta. Det er viktig å sjå kva ressursar som er tilgjengelege i eigen organisasjon, i nabokommunar og på regionalt og nasjonalt nivå. Døme opå korleis dette kan gjerast finn de i vedlagte prosedyre.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.11.2020

Sjekkliste for rask reaksjon ved utbrot

For å slå ned eit lokalt smitteutbrot må kommunane handle raskt og målretta. Det er viktig å sjå kva ressursar som er tilgjengelege i eigen organisasjon, i nabokommunar og på regionalt og nasjonalt nivå. Det må vere tatt kontakt med mellom kommunelege og kommunedirektør/rådmann om smittesituasjonen, og den kommunale kriseleiinga bør kome saman når smitten ikkje er tydeleg avgrensa i omfang.

Rettleiar for kommunane

«Prosedyreskildring for TISK-strategien ved lokale smitteutbrot» er ein rettleiar og hjelp til dei kommunane som ikkje har utarbeidd eigne prosedyrar for handtering av lokale smitteutbrot. Det er ikkje meint at denne skal erstatte kommunane sine eigne prosedyrar, men vere eit supplement eller sjekkliste som kommunane står fritt til nytte seg av.

Prosedyren er utarbeidd av Fylkesmannen i Vestland.

Sjå vedlagte dokument.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.