Lønstilskot til avansert klinisk sjukepleie

Prop. 1S (2016-2017). Kap. 762 post 63

Helsedirektoratet har tidlegare gjort kjent at kommunar kan søkje Helsedirektoratet om statleg lønstilskot for sjukepleiarar som er tilsette i helse- og omsorgstenesta og som skal vidareutdanne seg i avansert klinisk sjukepleie.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.02.2017

Målet for ordninga er å styrkje førebyggings-, behandlings- og omsorgstilbodet til innbyggjarar som er i ferd med å utvikle eller som har utvikla kroniske, samansette og/eller kompliserte sjukdomstilstander.

Det er i statsbudsjettet for 2017 sett av 6,5 millionar kroner til tilskotsordninga. Det statlege tilskotet dekkjer 25 % av bruttoårsløn til sjukepleiaren under utdanning, mens kommunen eller privat tilbydar må dekkje minst 25 %.

Frist for kommunar å søkje Helsedirektoratet er 31. mars 2017.Søknadsskjema og informasjon om lønstilskotet finn de her: https://helsedirektoratet.no/tilskudd/lonnstilskudd-for-utdanning-i-avansert-klinisk-sykepleie

Tilskotsregelverket gir informasjon om kva som skal til for å søkje denne ordninga.

Kontaktperson i Helsedirektoratet:  

Christin Marsh Ormhaug, christin.marsh.ormhaug@helsedir.no, telefon 24 16 36 46