Satsinga er tverrfagleg og har fire innsatsområde:
- levande lokalsamfunn
- bustadtilpassing og planlegging
- kompetente og myndiggjorte medarbeidarar
- tryggleik for brukarar og støtte til pårørande
Alt det gode arbeidet som er gjort i «Leve heile livet», skal vidareførast inn i «Bu trygt heime». Helsedirektoratet jobbar med ein nasjonal handlingsplan for korleis fleire eldre kan bu trygt og godt i eigen bustad lengst mogleg.
Dialogmøte og læringsnettverk
Statsforvaltaren har hatt ei sentral rolle i å koordinere arbeidet knytt til «Leve heile livet». Statsforvaltaren har gitt alle kommunar tilbod om dialogmøte og sytt for at alle kommunar vart inviterte inn i læringsnettverk. Statsforvaltarane er ein del av det regionale støtteapparatet, der også KS og Utviklingssenteret for sjukeheim og heimetenester er med. Vi har ikkje fått oppdrag i den nye satsinga enda.