Hjelpemiddel til klimaarbeid i kommunane

Ein viktig del av oppdraget til statsforvaltaren er å gi råd og rettleiing til klimaarbeid i kommunane. Gjennom satsinga Klimasnu har vi rigga organisasjonen vår slik at vi er betre rusta til dette arbeidet.

Publisert 18.09.2020

Hjelpemidlar

På denne sida har vi samla hjelpemidlar til kommunalt klimaarbeid. Er det noko du saknar, ta kontakt med oss!

Politikarar, leiarar og sakshandsamarar som har spørsmål eller problemstillingar knytt til klima, kan ta kontakt med klimakoordinator eller ein av dei andre medlemma i arbeidsgruppa for KLIMASNU.

 

Tilskotsmidlar

 

Klimaleiing

For at kommunen skal få fart på klimaomstillinga må arbeidet settast i system. Det må settast riktige klimamål i kommuneplanen og utarbeidast klimabudsjett i alle einingar og føretak som ein del av budsjett- og økonomiplana. Zero har utarbeida ei enkel sjekkliste for klimaleiing i kommunane. Ta kontakt med oss dersom det er behov for meir rettleiing på kvart enkelt sjekkpunkt. 

 

Klimabudsjett

Klimabudsjett kan vere eit effektivt styringsverktøy for å følgje opp klima- og energiplanlegginga i kommunen.  

Rettleiar for klimabudsjett

Klimabudsjett - opplæring i plan for politikarar

 

Her er lenker til kurs og samlingar som har vore på tema:

Digital verkstad for klimabudsjett | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (2023)

Godt oppmøte på kurs i klimabudsjett | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (2022)

KS - Veien til klimabudsjett (2021)

Her er lenke til excelmal for å lage graf med historiske data og målbane:

(Det tar nokre minutt å laste ned datasettet, vær tolmodig. Anbefaler deretter å åpne det i excel. Start med å skrive inn namne på din kommune i det gule feltet.)

Historiske utslepp og målbane_2022-tal.xlsx (sharepoint.com) 

 

Planlegging

Statleg planretningslinje for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing seier korleis kommunen skal arbeide med klima. Retningslinja skal leggast til grunn ved:

  • planlegging etter plan- og bygningslova
  • ved enkeltvedtak etter plan- og bygningslova eller anna lovgiving

Miljødirektoratet har laga ein rettleiar for korleis ein skal arbeide med klima- og energiplanlegging for å redusere klimagassutslepp. Rettleiaren er delt inn i 18 punkt i kronologisk rekkefølge frå alt frå organisering til å skildre virkningar av tiltak:

Rettleiing til statlege planretningslinjer for å kutte utslepp av klimagassar

Viken fylkeskommune har fått utarbeida ein eigen rettleiar for klimaomsyn i planlegging. Denne viser korleis ein kan nytte Plan- og bygningslova som verkemiddel for å redusere klimagassutslepp. Vedlegga til rettleiaren er gode oppslagsverk. Dokumenta ligg til høgre på denne sida.

 

Arealrekneskap

Kommunane skal bidra til omstilling til lågutsleppssamfunnet gjennom arealplanlegging som reduserer utslepp, arealbeslag og transportbehov. Regjeringa oppfordrar kommunane til å setje seg mål for å redusere nedbygginga. Arealrekneskap - Møre og Romsdal fylkeskommune (mrfylke.no) er eit godt redskap i dette arbeidet.

 

Klimatilpassing

Det er laga ein rettleiar for korleis ein skal ta omsyn til klimaendringar i plan:

Rettleiing til statlige planretningslinjer for klimatilpasning

Les meir om klimatilpassing her: Statsforvalteren i Møre og Romsdal/Samfunnstryggleik-og-beredskap/Arealplanlegging/Klimatilpassing/

 

Naturbaserte løysingar

Ei naturbasert løysing betyr at ein nyttar naturelement for å la seg inspirere, etterlikne eller oppnå naturlege eller naturliknande økosystemtenester for å løyse samfunnsutfordringar. I kommunal planlegging skal ein alltid vurdere naturbaserte løysingar og grunngje dersom ein velg å ikkje nytte slike.

Vi anbefaler kommunane å sjå på Møre og Romsdal fylkeskommune sine Rettleiingar og opplæringsressursar.

 

Klimagassrekneskap og energiforbruk

Rekneskap for utslepp av klimagasser innanfor kommunegrensa i din kommune finn du på miljødirektoratet si heimeside:

Klimagassutslipp i kommuner

Viken fylkeskommune har utarbeidd eit interaktivt verktøy som visualiserar det lokale og regionale energisystemet via eit energibalansediagram for kommunar/fylke i heile landet. Energistatistikk for din kommune finn du her:

Energistatistikk for kommunar og fylke

Gode eksempel på korleis kommunane og fylka kan bidra til energiomstilling gjennom straumsparing og straumproduksjon finn du her: Spar og produser mer energi – Norsk klimastiftelse (klimastiftelsen.no)

 

Innkjøp

Kommunar skal ta miljøomsyn og fremme klimavennlege løysingar når dei kjøper inn varer og tenester. Kommunane har stor verknad på marknaden og kan omstille til lågutsleppssamfunnet og utvikle klima- og miljøvennlege løysingar gjennom sine innkjøpsordningar.

DFØ gir råd om korleis få til dette i praksis. Her finn du rettleiing, eksmpel, nyheiter, malar og andre verktøy:

Anskaffelser.no | Fagsider om offentlige anskaffelser

 

Tiltak i landbruket

Jordbruket skal kutte 5 millioner tonn CO2-ekvivalenter innan 2030. Kommunane si rolle som planmyndigheit, lokal koordinator og samfunnsutviklar er viktig for å nå målet. Kommunen  kan støtte bonden sitt arbeid gjennom næringsfond, etablering av kunnskapsnettverk og ved å legge til rette for god og effektiv drift. Det er utarbieda ein rettleiar som kommunen kan nytte i sitt klimaarbeid innan jordbruk: 

Klimaarbeid i landbruket (kilde.no)

Bionova - tilskudd til bioøkonomi og klimatiltak | Innovasjon Norge skal bidra til innovasjon og verdiskaping innan bioøkonomi knytt til lanbruk, skogbruk og havbruk.