Hjelpemiddel til klimaarbeid i kommunane

Ein viktig del av oppdraget til statsforvaltaren er å gi råd og rettleiing til klimaarbeid i kommunane. Gjennom satsinga Klimasnu har vi rigga organisasjonen vår slik at vi er betre rusta til dette arbeidet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 18.09.2020

Politikarar, leiarar og sakshandsamarar som har spørsmål eller problemstillingar knytt til klima, kan ta kontakt med klimakoordinator eller ein av dei andre medlemma i arbeidsgruppa for KLIMASNU.

På denne sida har vi samla hjelpemidlar til kommunalt klimaarbeid. Er det noko du saknar, ta kontakt med oss!

 

Hjelpemidlar

Klimaleiing

For at kommunen skal få fart på klimaomstillinga må arbeidet settast i system. Det må settast riktige klimamål i kommuneplanen og utarbeidast klimabudsjett i alle einingar og føretak som ein del av budsjett- og økonomiplana. Zero har utarbeida ei enkel sjekkliste for klimaleiing i kommunane. Ta kontakt med oss dersom det er behov for meir rettleiing på kvart enkelt sjekkpunkt. 

 

Planlegging

Statleg planretningslinje for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing seier korleis kommunen skal arbeide med klima. Retningslinja skal leggast til grunn ved:

  • planlegging etter plan- og bygningslova
  • ved enkeltvedtak etter plan- og bygningslova eller anna lovgiving

Miljødirektoratet har laga ein rettleiar for korleis ein skal arbeide med klima- og energiplanlegging for å redusere klimagassutslepp. Rettleiaren er delt inn i 18 punkt i kronologisk rekkefølge frå alt frå organisering til å skildre virkningar av tiltak:

Rettleiing til statlege planretningslinjer for å kutte utslepp av klimagassar

Det er laga ein tilsvarande rettleiar for korleis ein skal ta omsyn til klimaendringar i plan:

Rettleiing til statlige planretningslinjer for klimatilpasning

Les meir om klimatilpassing i arealplanlegging her: Statsforvalteren i Møre og Romsdal/Samfunnstryggleik-og-beredskap/Arealplanlegging/Klimatilpassing/

 

Klimabudsjett

Klimabudsjett kan vere eit effektivt styringsverktøy for å følgje opp klima- og energiplanlegginga i kommunen. Oslo, Hamar og Trondheim kommune har laga ein rettleiar for dette:

Rettleiar for klimabudsjett

 

Klimagassrekneskap og energiforbruk

Rekneskap for utslepp av klimagasser innanfor kommunegrensa i din kommune finn du på miljødirektoratet si heimeside:

Klimagassutslipp i kommuner

Viken fylkeskommune har utarbeidd eit interaktivt verktøy som visualiserar det lokale og regionale energisystemet via eit energibalansediagram for kommunar/fylke i heile landet. Energistatistikk for din kommune finn du her:

Energistatistikk for kommunar og fylke

 

Innkjøp

Kommunar skal ta miljøomsyn og fremme klimavennlege løysingar når dei kjøper inn varer og tenester. Kommunane har stor verknad på marknaden og kan omstille til lågutsleppssamfunnet og utvikle klima- og miljøvennlege løysingar gjennom sine innkjøpsordningar.

DFØ gir råd om korleis få til dette i praksis. Her finn du rettleiing, eksmpel, nyheiter og ein eigen sparretelefon:

https://www.anskaffelser.no/samfunnsansvar/klima-og-miljo