Kommunane og klimasnu: Bygg i tre!

Idrettens hus i Molde er eit av Noregs største idrettsbygg i massivt tre.
Idrettens hus i Molde er eit av Noregs største idrettsbygg i massivt tre. Foto: Lena S. Sandvik.

Med lågare klimautslepp frå bygg kan ein komme eit godt stykke på veg mot eit lågutsleppsamfunn.

Publisert 13.08.2021

Byggjenæringa står for 40 prosent av all uthenting av naturressursar, avfallsproduksjon og energiforbruk i samfunnet i dag.

Som offentlege bestillerar og byggherrar kan kommunane sørge for at ein større del av materiala i bygga er sirkulære. Tre er eit sirkulært byggemateriale. Auka bruk av tre i bygg kan derfor vere eit viktig bidrag på vegen mot lågutsleppssamfunnet.

For å få stadig betre bygg, som gir mindre klimaavtrykk og som er tilpassa det framtidige klimaet, treng vi kommunar som nyttar bestillerrolla si. Dei må etterspørje bygg i tre, og sørge for at bygga får lang levetid.

Tre er eit fornybart og sirkulært materiale

Treprodukt har liten negativ effekt på miljøet, føresett at råstoffet kjem frå skog som er forvalta på ein berekraftig måte. Vi har sertifiseringsordningar for berekraftig skogbruk. Kommunane kan spørje etter slike sertifiserte byggematerialar når dei bestiller. 

Tre som byggemateriale har fleire miljøvennlege eigenskapar. Når vi seier at tre er ein fornybar ressurs, betyr ikkje det berre at materialet er resirkulerbart. Tre er fornybar fordi det er laga av karbon frå lufta, vatn frå jorda og sollys. Karbonet som er lagra i treet går inn i det naturlege kretsløpet til karbon. Karbonutsleppa frå byggematerialar av tre skriv seg hovudsakleg frå foredlingsprosessen og frå transport. Material av tre er både lett og sterkt, som er endå ein fordel når det skal transporterast og monterast.

Jo meir tre vi bruker i bygg, jo meir auker vi og mengda karbon som er lagra i bygga. Bygga blir som karbonmagasin. Dette karbonet blir hindra frå å finne vegen ut i atmosfæren som drivhusgass i all den tida bygget står og materialane er i bruk.

Norsk tømmer kjem frå berekraftig skogbruk. For å selje tømmer i den norske tømmermarknaden må tømmeret vere sertifisert etter norsk PEFC skogstandard, og gjeldande lover og forskrifter må vere følgd.

Støtte til kommunar

Tredrivaren hos Statsforvaltaren har lyst ut støtte til kommunar som vil lære meir om offentlege bygg i tre. Les meir her ...

Miljødirektoratet gir støtte til meirkostnadar for klimatiltak i konkrete innkjøp og tidleg kartlegging av klimatiltak i bygg og anlegg. Les meir her ...