Forureining og avfall

Statsforvaltaren er forureiningsstyresmakt for ei lang rekkje verksemder og tiltak, og kan gi løyve til aktivitetar som kan medføre forureining. Ansvarsområda våre omfattar mellom anna helse- og miljøfarlege kjemikaliar, avfall og gjenvinning, luftforureining og støy, i tillegg til forureining av vatn og grunn.

Dette er nokre av Statsforvaltarens oppgåver etter forureiningslova: 

  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med landbaserte industribedrifter. Mange bedrifter treng ikkje eige løyve frå Statsforvaltaren, men skal følgje gjeldande forskrifter. Dette gjeld blant anna for pukk- og asfaltverk, fyringsanlegg og skipsverft.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avfallsbehandlingsanlegg som avfallsdeponi, mottaks- og sorteringsanlegg, bilvrakplassar og behandling av avløpsslam.
  • behandle utsleppssøknader og føre tilsyn med avløpsanlegg i store tettstader.
  • behandle søknader om mudring, dumping og utfylling i sjø og vassdrag.
  • føre tilsyn med at verksemder oppfyller leveringsplikta for farleg avfall og andre generelle plikter i forureinings- og avfallsforskriftene blir oppfylt
  • følgje opp område med ureina grunn og nedlagde kommunale deponi.
  • rettleie og føre tilsyn med kommunane på område der kommunen er ureiningsmyndigheit.

Vis meir


Publisert 19.10.2021

Vil du vite noko om utslepp frå norsk industri?

Kanskje du ønskjer å vite kva industrien i nærleiken av deg har lov til å drive med? Og kva slags utslepp dei har? Mange svar finn du på nettsida «Norske utslipp».


Publisert 30.08.2021

Uroa for enorme utslepp i Storfjorden

Det store landbaserte oppdrettsanlegget for laks som er planlagt i Raudbergvika i Storfjorden vil sannsynlegvis gje det største enkeltståande avløpsutsleppet i Noreg. Statsforvaltaren er uroa.


Publisert 02.07.2021

Oppnevning av settestatsforvaltar - inhabilitet

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har i brev av 25.6.21 erklært seg inhabil etter forvaltningslova § 6 andre ledd til å behandle ein søknad frå Ductor om etablering av biogassanlegg på Håsøran i Sunndal kommune.


Publisert 02.07.2021

Strengare krav til kunstgrasbaner

Frå 1. juli blir det stilt krav til korleis idrettsbaner med fyllmaterial av plast skal utformast og driftast. Krava vil hindre at gummigranulat hamnar i naturen.


Publisert 18.06.2021

Inhabil i behandling av Ductor

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal er inhabil i behandling av søknaden frå Ductor om etablering av biogassanlegg i Sunndal. Saken går til ein annan statsforvaltar eller til Miljødirektoratet.


Publisert 15.06.2021

Bålbrenning

I samband med feiring av sankthansaften er det mange som ønskjer å brenne bål. Nokre vel då å sette fyr på avfallet sitt, men brenning av avfall er både skadeleg og ulovleg.


Publisert 10.05.2021

Skipsverft må utrede tiltak mot forurenset sjøbunn

Miljødirektoratet har avgjort klagene på Statsforvaltaren i Møre og Romsdal sine vedtak om tiltaksplan for forureina sjøbotn. Miljødirektoratet opprettheld 12 av dei 13 vedtaka.


Publisert 03.05.2021

Tar grep for å minske luktforureining

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har gitt Veidekke sitt asfaltverk på Husøya i Kristiansund ein frist for å stoppe utsleppet av asfaltlukt til luft.


Publisert 23.02.2021

Straff for ulovleg handtering av farlig avfall

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal meldte i fjor Ålesund kommune til politiet for brot på forureiningslova. Saka gjeld ulovleg handtering av farleg avfall i 2018. Politiet har no gitt forelegg i saka.


Publisert 26.10.2020

No er grundig reinhald av vegar ekstra viktig

Luftforureining har mange skadelege effektar på helsa vår. Om ein reduserer mengda støv i lufta, vil det bidra til mindre luftvegsinfeksjonar.