Skogsdrift

Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Statsforvaltaren gir fagleg støtte og rettleiing til kommunane som har ansvaret for tilskotsordningane til skogsdrift. Statsforvaltaren er og klageinstans for vedtak fatta av kommunane.

I Møre og Romsdal er 2,84 mill. daa produktiv skog. Om lag 20 prosent av skogen er gran og meir enn halvparten står i terreng definert som bratt. Over 90 prosent av hogsten her i fylket er gran, som siste 5 år har vært på 250 - 300 000 m3 årleg.   

Møre og Romsdal er av fylka i landet med høgast bruk av tilskot til drift av tømmer i bratt terreng, hovudsakleg utfordringar knytt til fordyrande maskinell hogst i bratt terreng, med hogstmaskin eller taubane.

Søk tilskot hos kommunen

Statsforvaltaren fordeler årleg ei tilskotsramme til kvar kommune, og kommunane sett retningsliner for tilskot tilpassa kommunens eigen topografi der skogen står, og nytta driftssystem.

For å søkje tilskot til drift av tømmer, skal skogeigar kontakte kommunens skogbrukssjef, for retningsliner i eigen kommune samt tilskotssatsar og tilgjengelege midlar. Kommunane gjer ein utsjekk av arealet for moglege miljøverdiar eller andre omsyn og kan løyve eller avslå søknad om tilskot.


Publisert 28.10.2021

Oppstartsmøte for prosjekt «Analyse av flaskehalsar på kommunalt vegnett»

Onsdag 19. oktober arrangerte Kystskogbruket i samarbeid med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal eit oppstartsmøte for «Analyse av flaskehalsar for tømmertransport og anna godstransport på kommune- og fylkesvegar i Møre og Romsdal»


Publisert 14.10.2021

Droner i landbruket

Forynging av skog og bruk av drone til sprøyting av uønska vegetasjon. Dette var tema då Allskog arrangerte skogdag i Nørdalen i Stordal i haust. Biodrone AS hadde med to droner, og viste ein av dei i bruk.


Publisert 29.06.2021

Renndalen tømmerkai i Heim kommune får prioritet!

Etter oppstart av prosjektet i gamle Halsa kommune (2016) er skisseprosjektet for Renndalen tømmerkai (no Heim kommune) prioritert, og inviterast av Landbruksdirektoratet til å sende inn endeleg søknad om statlege kaimidlar.  


Publisert 10.06.2020

Ny førebels forskrift om tilskot for å oppretthalde hogstaktivitet i skogbruket 2020

LMD fastsette tysdag 09.06.20 ny førebels forskrift for å oppretthalde hogstaktiviteten i skogbruket i 2020. Ordninga skal vere ei hjelp mot dei negative konsekvensane som følgje av utbrotet av Covid-19, ved å bidra til at skogeigarar i auka grad nyttar heilmekaniserte entreprenørar og taubanelag til hogst gjennom sommaren.


Publisert 22.01.2020

Den høge aktiviteten i skogen heldt fram i 2019

Den store aktiviteten i skogbruket heldt fram i 2019 også. Hogsten var høg, og det vart bygd mange kilometer ny skogsveg, eit godt grunnlag for framtidig skogsdrift.


Publisert 01.02.2019

Markant auke i skogplantinga

Det har ikkje vore samsvar mellom auka hogstaktivitet og planteaktivitet dei siste åra. Hogsttala viser ei tredobling siste fem åra medan plantetalet ikkje har stige tilsvarande. Men i 2018 blei det planta 4 796 daa, noko som er 45 % meir enn føregåande år.


Publisert 18.01.2019

God fart i skogen i 2018 og auka ramme for 2019

2018 har vore eit år med god aktivitet, og det vart hogd 291 697 kubikkmeter i Møre og Romsdal, nokre få tusen meir enn i 2017. På taubane har det vore lågare aktivitet her i fylket, med berre om lag 26 000 kubikkmeter i tilskotssøknader, medan det i 2017 vart søkt om tilskot til taubanehogst av om lag 42 000 kubikkmeter. 


Publisert 09.08.2018

Skogplanting gir verdiskaping og betre klima

I Møre og Romsdal er vi no i gang med å hauste skogreisingsskogen som vart planta for å bygge landet etter krigen. Skogsareala i Møre og Romsdal er høgproduktive, og det vert henta ut mykje tømmer av god kvalitet. På få år har Møre og Romsdal blitt eit skogfylke, skogen skaper arbeidsplassar for entreprenørar, og hogsten gir verdiar til skogeigarane. Skogreisinga har derfor vore ein økonomisk suksess for skognæringa her i fylket.


Publisert 06.07.2018

Gledeleg auke i skogplantinga

Megarden planteskole melder no om at dei har omsett rundt 1 million planter i vår. Dette er ei auke på rundt 200 000 planter i høve til føregåande år. I tillegg vil det bli planta ein del i haust.


Publisert 24.04.2018

Nytt og spennande utstyr for bratt terreng

Nytt utstyr for skogsdrift i bratt terreng kan bidra til å minimalisere terrengskader.