Eit godt løft i tømmerprisane i Møre og Romsdal første halvår 2022

Kjetil Bottolvson Grodås er i 2022 nyoppstarta skogsentreprenør. Grodås/Volda. Foto: Å. Asper

Årsakene er mange til at tømmerprisar og materialprisar har vore høge dei siste åra. Utfordringar kring transport grunna Covid-19, sjukdom og insekt på skog og tørke i fleire område i verda, har saman ført til ein auke i tømmerprisane.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.08.2022

I Møre og Romsdal veks skogen veldig godt, og nye tal for fylket fortel at sjølv om gran berre veks på knapt 20 % av den produktive skogen, står gran for omlag halvparten av årleg tilvekst i skogane her i fylket. Når skogen får stå til han er hogstmoden, aukar volumet mykje dei siste åra, og når trea blir større kan meir av tømmeret nyttast som sagtømmer. Sagtømmerandelen kan bli opp mot heile 80 %, og det kan difor løne seg godt å vente nokre år. Så når skogen veks godt og vi har få sjukdomar på trea, gjer auka sagtømmerpris at det merkast godt her i fylket.

Sagtømmer opp nesten 150 kr/m3 på eit år

For 1. halvår 2022 er det i skogfondsregisteret registrert 121 736 m3 tømmer for salg, av dette 103 848 m3 gran. Oppnådd tømmerpris for all gran 1. halvår er 505,89 kr/m3, opp frå 373 kr/m3 same periode i 2021 (96 162 m3). Sagtømmeret 1. halvår 2022 (76 925 m3, 74 % av all gran) oppnådde snittpris på 589,81 kr/m3, frå 440 kr/m3 same periode i fjor, opp nesten 150 kr/m3!, eller om lag 34 % oppgang.

I 2022 vart det ein auke i tømmerpris for mai og juni. Denne auken lyfta sagtømmerprisen frå 566 kr/m3 i jan – april (48 002 m3), til 630 kr/m3 for mai og juni (28 923 m3).

Innmålt furu (17 888 m3) nådde 1. halvår ein snittpris på 510 kr/m3  

Slik Statsforvaltaren ser tømmermarknaden, kan det bli noko nedgang i sagtømmerpris for den kommande hausten, men ein god papir/masse-marknad og auka etterspurnad etter tømmer av slip-kvalitet, kan tyde på ein god auke i slippris for hausten. Det er fleire tømmeraktørar i fylket i dag, og Statsforvaltaren oppmodar alle skogeigarar til å kontakte fleire tømmerkjøparar for å sikre seg rett pris ved ønske om hogst.   

Kontaktpersonar