Skogkultur

Skogkultur skal gje ei langsiktig og berekraftig ressursforvalting. Dette omhandlar nødvendige investeringar for å få fram ny skog etter hogst og stell av ungskog.

Skogkultur handlar om planting og såing etter hogst, tiltak for naturleg forynging, skifte av treslag, suppleringsplanting, pleie av den etablerte ungskogen og stammekvisting. Investeringane i skogkultur skal vere med på å sikre framtidig produksjon og verdiskaping, samstundes som viktige miljøverdiar i skogen vert tekne vare på og utvikla. Skogbruket skal vere sikra tilgang på frø og planter.

Statsforvaltaren har ansvar for å kontrollere at treslag og proveniensar blir nytta etter gjeldande reglar, og at bruken er skogbruksfagleg forsvarleg.


Publisert 08.11.2021

Auka fokus på forynging av skog

I Møre og Romsdal har Statsforvaltaren eit særskilt fokus på manglande forynging etter hogst. Vi har oppretta ei engasjementstilling på seks månader til dette arbeidet.