Auka fokus på forynging av skog

Granplante i god vekst. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

I Møre og Romsdal har Statsforvaltaren eit særskilt fokus på manglande forynging etter hogst. Vi har oppretta ei engasjementstilling på seks månader til dette arbeidet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.11.2021

Fylket har dei seinare åra hatt ein kraftig oppsving av hogstaktivitet. Større hogstflater har vorte vanlegare. Når ein samanliknar arealet som vert hogd med arealet som vert planta, finn ein at det er ein del hogstareal som ikkje vert forynga.

Foryngingsplikt

Etter skogbrukslova og forskrift om berekraftig skogbruk, skal skogeigaren sørge for tilfredsstillande forynging innan 3 år etter hogst. Skogeigaren utløyser si eiga foryngingsplikt når han bestemmer seg for å hogge skogen.

Årsaker til dårleg forynging

Det er fleire ulike årsaker til at skogareal ikkje vert forynga etter hogst. Nokre årsaker er knytt til skogeigaren sine haldningar og interesser. Andre er knytt til ulike skadegjerarar som i nokre område gjer det vanskeleg å forynge skogen. Manglande forynging påverkar grunnlaget for framtidig volum- og kvalitetsproduksjon. Vi risikerer at produktive skogareal går ut av framtidig skogproduksjon.

Bistand og pådrivar i kommunane

Gjennom engasjementet ønskjer Statsforvaltaren å yte bistand overfor kommunane. Vi vil også vere ein pådrivar i kommunen sitt arbeid med gjennomføring av resultatkartlegging for miljø- og skogbrukstiltak og foryngingskontroll.

Fagsamling

Som eit ledd i dette arbeidet arrangerte Statsforvaltaren mellom anna ei fagsamling for den kommunale skogforvaltninga tidlegare i haust. Samlinga satt fokus på problematikken med manglande planting etter hogst. Vi ønskjer også å bidra til at kommunane vert meir samkøyrte i vurderingane av kva som er tilfredsstillande forynging. Dei skal vite når det er på sin plass at kommunen pålegg skogeigaren å utføre planting.

Kontaktpersonar