Kva gjer eg om eg finn eit skadd eller daudt dyr…?

Bilete viser sau på utmarksbeite.
Sau på utmarksbeite. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Når ein er på tur i skog og fjell kan ein komme over husdyr som er skadde eller daude. Kva gjer ein då?

Publisert 05.07.2023

I Møre og Romsdal er det om lag 137.000 dyr på utmarksbeite. Det er både hestar, kyr, geiter, men flest er det av sau og lam. Dyreeigarar har krav etter dyrevelferdslova å ha tilsyn med dyr på utmarksbeite minst ein gong per veke. Dei fleste har tilsyn oftare. I område der det er rovviltproblematikk eller eit sjukdomsutbrot, er bøndene ute på tilsyn med mange folk kvar dag. Likevel kan det vere vanskeleg å finne skadde eller daude dyr som har gøymd seg i naturen.

Årsaker til at dyr vert skadde eller døyr i naturen

Fleire farar lurer i utmarka på beitedyra. Naturen i Møre og Romsdal er vill, og nokre beitedyr sett seg fast på fjellhyller, trør feil og fell ned, eller fell i elv med stor vassføring. Naturen byr også på sjukdommar som Alveld, infeksjonar og flåttborne sjukdommar.  I Møre og Romsdal har vi bestandar av gaupe og jerv som tek beitedyr, og av og til kan vi ha streifdyr av ulv og bjørn som er innom og gjer skade. 

Om lag 7% av dyra blir tapt på beite av ulike årsaker. Det er viktig for bonden å raskt finne skadde eller daude dyr, slik at ein kan finne årsaka. Bonden kan då sette inn tiltak slik at ikkje andre dyr blir skadd. Å finne skadde dyr eller daude dyr i naturen er ikkje lett, men no er det mange folk på tur i naturen som kan hjelpe bonden ved å gje beskjed når dei finn noko.

Kva gjer du?

Om du er på tur i skog eller fjell og kommer over eit skadd eller daudt dyr – kva gjer du?

  • Merk funnstaden, gjerne med plastpose i tre eller liknande så det er lett å finne.
  • Er dyret skada – kontakt eigar eller kommune raskast mogleg.
  • Er dyret daudt – la kadaveret ligge mest mogleg urørt, men dekk det til slik at ikkje åtseletarar kjem til.
  • Fotografer kadaveret om mogleg frå ulike vinklar. Hugs å få med øyremerke, om det er mogleg. 
  • Noter kartreferanse og/eller GPS punkt.
  • Mistenker ein at rovdyr har drepe beitedyret kan ein melde frå til næraste rovviltkontakt (eller bonde/kommune) snarast mogleg – bevis forsvinner fort!

Kontaktinfo til dyreeigar og øyremerker

Beitelag har gjerne sett opp plakatar ved inngangen til turområde der det går beitedyr. På plakatane står det kontaktinfo du kan bruke om du finn skadde eller daude dyr. Du må også gjerne gje beskjed om du observerer andre ting du vil gjere dyreeigar oppmerksam på – som laushundar, halte dyr, manglande lam hos søyer eller liknande. På nokre av plakatane står det fargekodane på bjølleflagga (ein farga plastbit frampå bjølla til søya), som seier kor mange lam ein søye skal ha med seg. Det kan også stå fargekodar for øyremerka i område der ulike dyreeigarar har ulike fargar på øyremerkene.

Øyremerket er identitetspapira til beitedyret. På det står det individnummer og eigar. Det kan stå namn på eigar og eigar sitt telefonnummer, men det kan også berre stå dyrehaldet sitt identitetsnummer. Viss ein ikkje finner eigar sitt namn og nummer direkte, anten frå øyremerket eller plakat i beiteområdet, kan kommunen hjelpe til med å finne eigar gjennom dyrehaldet sitt identitetsnummer på øyremerket. Om du ikkje finner noko kontaktinfo til eigar, kontakt ein bonde du veit om i området så får du sikkert hjelp med å finne kontaktinfo til beitedyreigaren.

Bandtvang på hund

Hugs generell bandtvang på hund frå 1.april-20.august. Mange kommunar har i tillegg utvida bandtvangsperiode.

 

God tur!