Erstatning etter offentlege pålegg i husdyrproduksjon

Oppdatert 10.03.2021

Du har rett på erstatning dersom Mattilsynet pålegg deg å avlive husdyr grunna smittevernårsaker. Ta kontakt med Statsforvaltaren så snart du får pålegget.

Det er Statsforvaltaren som behandlar søknadar om erstatning etter offentlege pålegg frå Mattilsynet, jf. matlova § 23.

Statsforvaltaren må bli kontakta før tiltak blir sett i gang. Vi gir berre erstatning etter å ha fått ei liste over tiltak i ein godkjent saneringsplan.

Du kan lese meir om erstatning etter offentlege pålegg på Landbruksdirektoratet sine nettsider.