Skal du søke om verjemål? Dette må du sende inn.

Verjemål er ei frivilleg velferdsordning. Dersom ein person ikkje kan ivareta sine eigne interesser, kan det hende personen treng hjelp. Det fins fleire måtar å hjelpe ein person på. Du kan lese meir informasjon om alternativa til verjemål i lenka i høgremargen. Dersom det er behov for verjemål, kan ein søke om dette hos oss. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.06.2022

For å kunne behandle ein søknad om verjemål må vi ha: 

  1. Søknad om verjemål -  søknadsskjema nr. 2 (elektronisk) eller nr. 16 (for utskrift)
  2. Erklæring frå behandlande lege - skjema nr. 19 (for utskrift) - bør sendast inn samtidig med søknad 
  3. Skriftleg samtykke frå personen det er søkt om verjemål for – skjema nr. 9 (elektronisk) eller nr. 18 (for utskrift)

Verjemål er ei frivilleg velferdsordning, derfor er det i utgangspunktet krav om at personen sjølv skriftleg samtykker til å få verjemål. Dersom du sender digital søknad om verjemål for ein annan person, kan skriftleg samtykkje leggjast ved søknaden.

Dersom det kan dokumenterast at personen ikkje er i stand til å forstå kva eit verjemål inneber, kan ein gjere unntak frå kravet om skriftleg samtykke. Samtykkekompetansen må dokumenterast av behandlande lege eller eventuelt av annan sakkunnig, herunder psykologspesialist. 

Les meir om verjemål for vaksne i lenka i høgremargen. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Sikker melding:

Dette er ein trygg kommunikasjonskanal der du kan sende sensitiv informasjon via Altinn: Sikker melding (verjemål).

 

E-post:

For generelle førespurnadar kan du bruke e-postadressa vår. Vi anbefalar at du ikkje sender sensitiv informasjon via e-post.

sfvlpost@statsforvalteren.no

 

Postadresse verjemålsseksjonen:

Postboks 7310, 5020 Bergen

 

Telefon:

Direkte til verjemålsseksjonen:

55 57 23 00

 

Telefontid er måndag til onsdag 12.00–14.00.

 

Kontaktpersonar:

Anne K. Hjermann, avdelingsdirektør
Pia Davanger Angel, seksjonsleiar