Informasjon om alternativ til verjemål

Verjemål skal berre opprettast dersom det er behov for det, og om det finst mindre inngripande hjelpetiltak enn verjemål, skal dette veljast. Det finst ei rekkje tiltak utanom verjemålsordninga. 

Om det vert oppretta verjemål, skal innhaldet i verjemålet tilpassast den enkelte sitt behov, og ikkje vere meir omfattande enn nødvendig. Det finst ei rekkje tiltak utanom verjemålsordninga. Dette er ei ikkje-uttømmande liste over nokon av dei:

Legalfullmakt (nærståande sin representasjonsrett)

Ein rett som følgjer direkte av lova, som gir nærståande i nærare bestemt rekkefølgje rett til å ta hand om visse økonomiske og daglegdagse interesser for eit familiemedlem som ikkje kan ta hand om desse interessene sjølv lenger på grunn av sinnsliding, demens eller alvorleg svekka helse.

Med nærståande meinast i kronologisk rekkefølgje (rang) ektefelle, sambuar, barn, barnebarn og foreldre. Nærståande med høgare rang har representasjonsrett før nærståande med lågare rang, og om det er ønskje om at nokon med lågare rang skal nytte legalfullmakta må alle nærståande med høgare rang skriftleg sei i frå seg legalfullmakta. Dersom ein person verken har ektefelle, sambuar, barn, barnebarn eller foreldre, er det ingen som har legalfullmakt etter lova.

For å ta i bruk legalfullmakt, må nærståande med høgast rang (den med legalfullmakt) kontakte behandlande lege for å få utskrive ein legeerklæring. Deretter tek ein legeerklæringa med til banken. Den nærståande og banken må deretter avtale nærare korleis legalfullmakta skal praktiserast.

I praksis gir legalfullmakta nærståande høve til å betale rekningar og andre løpande utgifter, samt allereie gyldig inngåtte låneavtalar for familiemedlemmen som ikkje lenger kan gjere dette sjølv på grunn av sinnsliding, demens eller alvorleg svekka helse. Representasjonsrett gir likevel ikkje automatisk disposisjonsrett til konto eller nettbanktilgang, og erfaringa viser at bankane praktiserer legalfullmakta strengt.

Ettersom legalfullmakt følgjer direkte av lova, må du ikkje kontakte Statsforvaltaren for å få legalfullmakt.

Fullmakt

Kan opprettast av personar over 18 år som er i stand til å forstå kva saka gjeld, og vil gjelde så lenge fullmaktsgivar er i stand til å forstå innhaldet i fullmakta. Til dømes kan ein vaksen person med evne til å forstå kva fullmakta betyr, gi nokon fullmakt til å disponere kontoen deira.  Dersom fullmaktsgivar ikkje lenger er i stand til å forstå innhaldet i fullmakta, vil fullmakta ikkje lenger vere bindande, med mindre ho oppfyller formkrava til ei framtidsfullmakt.

Forvaltning av kontantytinga frå folketrygda

Institusjonen kan fatte vedtak for personar som har fast opphald i t.d. alders- og sjukeheim.

Faste betalingsoppdrag

Oppretta etter avtale med bank medan vedkomande kunne ta hand om eigne interesser, vil framleis gjelde etter at han eller ho på grunn av sinnsliding, demens eller alvorleg svekka helse ikkje lenger er i stand til å ta hand om interessene sine.

Framtidsfullmakt

Eit privatrettsleg alternativ til verjemål. Sjå meir informasjon om framtidsfullmakter ved å følgje lenka i høgre blokk.

Gjeldsrådgjeving

Kommunen skal gi gjeldsrådgjeving til personar med alvorlege gjeldsproblem. Kommunen kan t.d. hjelpe innbyggjarane med å kartlegge gjeld, forhandle med kreditor og eventuelt hjelpe til i samband med gjeldsordning. Kontakt den hjelpetrengande sin kommune, oftast ved det lokale NAV-kontoret, for rettleiing.

Gjeldsordning

Ei ordning for personar som er alvorleg gjeldstynga. Søknad om gjeldsordning må sendast namsmannen. Kontakt namsmannen for rettleiing.

Frivillig forvaltning

Ei frivillig ordning der NAV etter avtale med den hjelpetrengande kan disponere inntekta hans eller hennar. Ordninga er meint å vere kortvarig. Kontakt den hjelpetrengande sitt lokale NAV-kontor for rettleiing.  

Tvungen forvaltning

Eit system der NAV utan samtykke frå den hjelpetrengande, og på visse vilkår, kan forvalte trygdeytinga. Kontakt NAV for rettleiing.

Sjå vergemålsportalen for meir informasjon.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Sikker melding:

Dette er ein trygg kommunikasjonskanal der du kan sende sensitiv informasjon via Altinn: Sikker melding (verjemål).

 

E-post:

For generelle førespurnadar kan du bruke e-postadressa vår. Vi anbefalar at du ikkje sender sensitiv informasjon via e-post.

sfvlpost@statsforvalteren.no

 

Postadresse verjemålsseksjonen:

Postboks 7310, 5020 Bergen

 

Telefon:

Direkte til verjemålsseksjonen:

55 57 23 00

 

Telefontid er måndag til onsdag 12.00–14.00.

 

Kontaktpersonar:

Anne K. Hjermann, avdelingsdirektør
Pia Davanger Angel, seksjonsleiar

Framtidsfullmakt