Kraftige tiltak i fleire kommunar etter utbrot av mutert virus

Etter utbrot av muterte variantar av koronaviruset, har regjeringa i dag innført forsterka smitteverntiltak i Bergen, Ulvik og Kvam. I tillegg får ti andre kommunar i regionen strengare tiltak.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.02.2021

Kommunane i regionen er delt opp i ring 1 og ring 2, med ulike tiltaksnivå basert på kor alvorleg situasjonen er.

Ring 1 omfattar Bergen, Kvam og Ulvik, som er utbrotskommunane, og har tiltaksnivå A.

I ring 1 gjeld desse tiltaka frå 7. til 14. februar.

Ring 2 omfattar Alver, Askøy, Bjørnafjorden, Eidfjord, Osterøy, Samnanger, Ullensvang, Vaksdal, Voss og Øygarden, som ligg i randsona til utbrotskommunane, og har tiltaksnivå B

I ring 2 gjeld desse tiltaka frå 7. til 14. februar.

Det vil bli gjort ei ny vurdering av tiltaka mot slutten av neste veke.

Viktig for å få oversikt

Ved å innføre strenge regionale tiltak i ein avgrensa tidsperiode, får kommunane høve til å bremse smitteutviklinga og skaffe betre oversikt over situasjonen.

I tiltaka er det lagt vekt på å beskytte barn og unge og skjerme risikogruppene.

Det er trygt å oppsøke helsehjelp og møte til avtalte timar på sjukehus.

Reiser utført av helsepersonell i jobbsamanheng, vert rekna som naudsynte reiser.

Hald deg oppdatert på kva som gjeld i din kommune

Tiltaka som no vert innført er nasjonale tiltak som gjeld eit avgrensa geografisk område. I tillegg kan nokre kommunar ha innført lokale forskrifter etter smittevernlova. Per i dag, 7. februar, gjeld dette Ulvik herad til og med 14. februar, og Kvam herad til og med 8. februar, når heradsstyret skal vurdere behov for forlenging.

Her kan det skje endringar og det er viktig å følgje med på kva som gjeld i din kommune. Denne informasjonen finn du på kommunen si heimeside.

Statsforvaltaren si rolle

Statsforvaltaren er bindeledd mellom kommunane og sentrale styresmakter. Vi vidareformidlar informasjon frå sentrale styresmakter til kommunane i Vestland og melder innspel og spørsmål frå kommunane tilbake til nasjonalt nivå.

Vi har hatt tett kontakt med kommunane som no er råka av smitteutbrot, lagt til rette for møte med sentrale fagmyndigheiter og samla vurderingane frå kommunane som har vore grunnlaget for kva tiltak regjeringa har innført.

Vi held fram med å følgje situasjonen tett.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.