Telefonmøte om vårflaumsituasjonen

I dag gjennomførte Fylkesmannen, i samarbeid med NVE, eit telefonmøte med kommunane og aktørane i fylkesberedskapsrådet om vårflaumsituasjonen i fylket.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.05.2020

Vårflaum er normalt ikkje eit stort problem i Vestland fylke. På grunn av store snømengder i fjellet og låge temperaturar langt ut i mai, er sannsynet for flaumar i fylket større enn normalt. Det er elvar som har ein stor del av dreneringsområdet over 500-700 moh som er mest utsett. Vêrforholda i tida som kjem vil vere avgjerande for korleis situasjonen utviklar seg. Faren for flaum vil auke viss det kjem regn og mildvêr samstundes.

Det er venta høgare temperatur, noko meir nedbør og vind i dagane som kjem. NVE følgjer situasjonen og vil gjere vurderingar fortløpande. Eit mogleg scenario er at det vert to flaumtoppar; ein når det smeltar i lågareliggande områd og ein når det byrjar å smelte høgare oppe. I 2015 kom den største flaumtoppen så seint som 6. juli. Vi kan få liknande forhold i år, og det er difor viktig å vere budd på at situasjonen kan vare ei god stund framover. Vi må òg vere budde på at ulike stader i fylket kan bli råka av flaumtoppar på ulike tidspunkt

I Vestland er det dei indre områda som er særleg utsett. NVE trekkjer også fram at det er større risiko knytt til vassdrag som ikkje er regulerte, enn til dei regulerte. I regulerte vassdrag er det høve til å dempe flaum ved hjelp av magasina.

NVE oppmodar alle om å dele skadebilete og informasjon om overfløymingar, skredhendingar og fareteikn på Regobs, slik at flaumvarslinga kan bli enda betre.

Vi oppmodar om å følgje med på oppdaterte flaumvarsel på varsom.no og på twitter @varsom_no, eller abonnere på SMS-/e-postvarsel.

Nøkkeltal for utvalde vassdrag

Det er ikkje gjennomført vurderingar av alle vassdrag i fylket. Kva vassdrag som er vurderte kjem an på plassering av målestasjonar og kunnskap om vassdraga. Under følgjer oversikt over nokre nøkkeltal for fylket:

  • Øvre del av Opo (Ullensvang): 45 % sannsyn for oransje farenivå
  • Hylen/Kinso: 70 % sannsyn for oransje farenivå
  • Bjoreio (Eidfjord): 85 % sannsyn for oransje farenivå
  • Vosso (Voss) v/Myrkdalsvatn: 60 % sannsyn for oransje farenivå
  • Kroken elv (Luster): 55 % sannsyn for oransje farenivå
  • Flåmselvi (Aurland): 5 % sannsyn for oransje farenivå
  • Gloppenelv (Gloppen): 13 % sannsyn for oransje farenivå
  • Gaularvassdraget (Sunnfjord): 18 % sannsyn for oransje farenivå
  • Lovatn (Stryn): 48 % sannsyn for oransje farenivå

Risikoreduserande tiltak

Det viktigaste vi kan gjere for å møte naturhendingar som dette er å vere førebudde. NVE oppmodar både lokalt beredskapsapparat og publikum om å følgje med og gjere tiltak for å redusere faren for lokal overfløyming i samband med snøsmelting. 

Kommunane i Vestland har lang erfaring med flaum og er godt i gang med å førebu seg. Tiltak som er aktuelle i situasjonen vi står i no er 

  • å kontrollere kjente utsette punkt
  • å reinske kulvertar, grøfter og stikkrenner
  • å syte for god informasjon til befolkninga (kommunens nettstad, sosiale medium, media osb.)
  • å gå gjennom relevant beredskapsplanverk (mellom anna evakueringsplanar)
  • å gå gjennom ateriellsituasjonen (sjekk t.d. lager for sandsekkar, «bigbags» og flaumgjerde)

Alle har eit medansvar for å bidra til å avgrense skade. Det kan t.d. vere ved å flytte verdiar og lause gjenstandar frå område som kan flaume over. Andre tiltak kan vere å reinse avløpsvegar som stikkrenner og kummar, for å sikre at vatnet får fri passasje. Viss det er fare for at vatn kan kome inn i garasje eller kjellar, er det å flytte gjenstandar opp frå golvet eit aktuelt tiltak. 

Vi strekar under at det er det ordinære beredskapssystemet som må følgjast. Ved akutt fare for liv og helse skal politiet varslast og leie innsatsen. 

Koronapandemien påverkar kvardagen til mange. I gjennomgangen av eige beredskapsplanverk må ein sjå på korleis pandemien kan påverke eksisterande planar, t.d. når det gjeld tilgangen til ressursar.

Meir informasjon om kva den enkelte innbyggar og beredskapsaktørane kan gjere for å førebygge skadar ved flaum er å finne på varsom.no.

Behov for tilleggsressursar

Sivilforsvaret melder om at dei har stor merksemd på flaumberedskap og kan ved behov stille med mannskap i akuttfasen av ei hending. Sivilforsvaret opplyser at dei ikkje har mykje pumpemateriell som eignar seg ved ei flaumhending. Oppgåver som t.d. fylling av sandsekker er lågt prioritert. Alle førespurnadar om støtte vert vurderte. Sivilforsvaret ønskjer svært gjerne eit tidleg førehandsvarsel, slik at dei har høve til å klargjere mannskapet best mogleg før oppdraget.

Heimevernet (HV) er òg ein aktuell ressurs. Heimevernet har avgrensa tilgang til materiell som er berekna på flaumvern, men kan stille med personell. Utanom akuttsituasjonar med fare for liv og helse, skal spørsmål om støtte frå HV rettast til Fylkesmannen.

Ved spørsmål om støtte frå Sivilforsvaret og HV skal det alltid vurderast om det er tilgjengeleg «sivile» ressursar (privat næringsliv).

Skjønnsmidlar til flaumsikringstiltak

Fylkesmannen orienterte om at regjeringa har sett av inntil 100 millionar i ekstra skjønnsmidlar for å dekke kommunane sine kostnader ved førebyggjande tiltak knytt til vårflaumen. Fylkesmannen skal i dag melde tilbake til Kommunal- og moderniseringsdepartementet om behovet i fylket. Kommunane hadde høve til å søke om støtte til både nye tiltak, og til tiltak som allereie er sett i gang.

NVE melder om at dei vil prioritere å stille opp på synfaring og med rettleiing der det er behov for det.

Informasjonsvideoar frå NVE

Nedanfor er lenker til ulike filmar som NVE har laga i forkant av vårflaumen i år. Desse kan fritt brukast av alle som ønskjer dette. Elles vil www.varsom.no vere vår viktigaste plattform for informasjon knytt til vårflaumen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.