Beredskap

Oppdatert 06.03.2023

Vi lever i eit trygt og stabilt samfunn, men når samfunnet blir råka av ei stor hending eller krise, må vi ha ein plan for korleis vi skal handtere situasjonen. Vi treng planar for krisehandtering, og vi må øve på krisesituasjonar i tråd med planane. Alle aktørar på sentralt, regionalt og lokalt nivå har ansvar for både å planlegge og øve. 

I tillegg til å øve eigen kriseorganisasjon, har Statsforvaltaren ansvar for jamleg å øve kriseleiinga i kommunane. Statsforvaltaren skal dessutan vere ein pådrivar for øvingar som involverer andre regionale fagetatar, som til dømes Forsvaret. 

Beredskap er ein viktig del av samfunnsplanlegginga

Ei anna viktig oppgåve for Statsforvaltaren er å sjå til at vi i samfunnsplanlegginga tek beredskapsomsyn, og at kommunane har eigne kriseplanar. 

Statsforvaltaren skal koordinere den regionale atomberedskapen og medverke til at regionale og lokale etatar utviklar planar for å kunne handtere ei atomulykke. Her er det Statens strålevern som er nasjonal fagetat.

Du er også ein del av Noregs beredskap

Dersom straumen blir vekke eller du blir isolert av veret, bør du vere rusta til å klare deg sjølv i nokre dagar. Styresmaktene ber oss difor vurdere risiko og sårbarheit i eigen heim. Du bør tenke gjennom kva som kan skje, kva konsekvensar det kan få, og korleis nettopp din familie kan handtere det. Finn gjerne også ut kven som kan trenge di hjelp og korleis du kan bidra. Dei grunnleggande behova dei tre første døgna av ei krise er varme, mat, drikke, legemiddel, hygiene og tilgang til informasjon. Mange av oss har alt ein god del av det vi treng for å klare oss sjølv i nokre dagar, så det er ofte ikkje så mykje som skal til for å komme helt i mål. Her får du gode idear til kva som bør vere på plass i ditt eige beredskapslager.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 08.01.2024

Nasjonal varslingsprøve

Onsdag 10. januar klokka 12.00 skal Nødvarsel på mobil og Sivilforsvarets varslingsanlegg testast over heile Noreg.


Publisert 13.06.2023

Varslingsprøve på mobiltelefon

Onsdag 14. juni klokka 12 vil mobilen din truleg lage høg lyd og vibrere, sjølv om lyden er skrudd av. Årsaka er at det nye varslingssystemet Nødvarsel på mobil vert testa. Samstundes testar Sivilforsvaret sine sirener. Gi gjerne beskjed til personar du trur kan bli uroa av ei slik varslingsprøve.


Publisert 02.11.2022

Du er ein del av beredskapen i Noreg

Har du alt du treng for å klare deg sjølv i minst tre døgn dersom vatn og straum plutseleg blir borte? 


Publisert 22.09.2022

Situasjonen i Ukraina og konsekvensar i Noreg ved eit utslepp

Krigen i Ukraina gjer at situasjonen tidvis er uoversiktleg og ustabil når det gjeld tryggleiken omkring kjernekraftverka i landet. Eit utslepp av radioaktive stoff i Ukraina, vil ikkje føre til akutt fare for folk i Noreg. Avstanden er så stor at utsleppet vil fortynnast kraftig før det kjem hit.


Publisert 28.02.2022, Sist endra 23.09.2022

Informasjon om jodtablettar og krigen i Ukraina

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) seier at eit eventuelt utslepp av radioaktivitet i Ukraina ikkje vil gi akutt helsefare for folk i Noreg, og det vil såleis ikkje vere aktuelt å tilrå å ta jodtablettar. Generelt har DSA lenge tilrådd at alle under 40 år alltid lagrar jodtablettar heime.


Publisert 18.12.2020

Sambandsøving og informasjon om Nødnett i beredskapssituasjonar

I overkant av halvparten av kommunane deltok i den årlege sambandsøvinga tidlegare i denne månaden. Tilbakemeldingar frå deltakarane viser at mange synst det er nyttig å øve på bruk av sambandsutstyr, og at øvingsforma fungerte godt.


Publisert 10.12.2020

TISK-øving i regi av Fylkesmannen

Kva strategi har kommunen for krisekommunikasjon ved eit lokalt smitteutbrot? I kva grad vert det nytta «nabohjelp» for å sikre ei god krisehandtering? Det er nokre av problemstillingane kommunane har drøfta når dei har øvd på å handtere lokale smitteutbrot.


Publisert 13.11.2020

Endringar i farevarsel om høg vasstand

Meteorologisk institutt ønskjer å rette merksemda på faregrad og konsekvensane av den totale vasstanden ved varsling om høg vasstand. Frå 16. november blir det difor gjort endringar i utforminga av desse farevarsla. 


Publisert 02.06.2020

Ny måte å varsle intense regnbyer med fare for flaum og skred

Etter forslag frå ei arbeidsgruppe, har Meteorologisk institutt og NVE bestemt å samordne varsel om fare for kraftige regnbyer med flaum og skred som konsekvens.


Publisert 20.05.2020

Telefonmøte om vårflaumsituasjonen

I dag gjennomførte Fylkesmannen, i samarbeid med NVE, eit telefonmøte med kommunane og aktørane i fylkesberedskapsrådet om vårflaumsituasjonen i fylket.


Fylkesberedskapssjef

Beredskapsvakt

Ved akutte spørsmål og meldingar utanom kontortid.
Obs! For kommunar og regionale aktørar, ikkje privatpersonar.

Vakttelefon: 916 99 098 (ikkje SMS)

E-post: sfvlberedskap@statsforvalteren.no