Atomberedskap
Her finn du informasjon om organisering av atomberedskapen i Noreg, ansvar og roller, og nyhendesaker knytt til temaet.
Atomberedskap er den beredskapen vi har mot alle typar atomulukker og handlingar som kan føre til radioaktiv forureining og stråleeksponering.
Atomulukker kan skje ved atomanlegg (kjernekraftverk, produksjons- og gjenvinningsanlegg, lagring av brukt brensel og radioaktivt avfall), ved transport av brensel eller reaktordrivne fartøy.
Organisering av atomberedskapen i Noreg
Nasjonalt - Kriseutvalet for atomberedskap (KU)
DSA er leiar og sekreteriat for KU, og medlemene kjem frå sentrale myndigheiter med særleg ansvar i handtering av ei atomhending (sjå figur lenger nede). Kriseutvalet har òg eigne rådgjevarar.
Regionalt nivå - Statsforvaltaren og atomberedskapsutval
Statsforvaltaren
Statsforvaltaren er Kriseutvalets regionale ledd, og skal ved ei atomhending syte for koordinering av informasjon og krisehandtering, og bidra til å setje i verk samordna tiltak regionalt og lokalt. Statsforvaltaren rapporterer til KU om status og formidler relevant informasjon frå fylket.
Atomberedskapsutvalet
Fylkesberedskapsrådet i Vestland er òg atomberedskapsutval (FBAU) regionalt, og er leia av statsforvaltaren. Atomberedskapsutvalet skal gjennom koordinering, tilrettelegging og rettleiing medverke til at regionale og lokale etatar etablerer nødvendige planar som del av samordna planverk. FBAU har som oppgåve å samordne og koordinere iverksetjing og oppfølging av sentralt vedtekne tiltak under ei atomhending.
Lokalt - kommunal beredskap
Kommunane har eit grunnleggande ansvar for å beskytte befolkninga og bedra til å oppretthalde kritiske samfunnsfunksjonar, og skal ha beredskapsplanar for ulike typar hendingar inkludert atomberedskap.
Ved ei atomulukke vil sentralt vedtekne tiltak bli formidla via Statsforvaltaren til kommunane som set dei i verk lokalt. Kommunane rapporterer til Statsforvaltar, og samarbeider med ulike aktørar som t.d. Mattilsynet. Tiltak kan vere t.d. utdeling av jodtablettar, evakuering, og knytt til drikkevassforsyning og landbruk.
Atomberedskapøving for sentrale aktørar i Vestland
Tysdag 10. september øvde Statsforvaltaren og deler av fylkesberedskapsrådet på ei atomhendig i Vestland.
Publisert 03.10.2022
Atomberedskap i landbruket
I tilfelle radioaktivt utslepp frå til dømes atomkraftverk i Ukraina, kan det bli svært aktuelt å sende ut varsel om tiltak som må gjennomførast på kort tid. Det er derfor lurt å kjenne til dette og å planlegge på førehand.
Publisert 22.09.2022
Situasjonen i Ukraina og konsekvensar i Noreg ved eit utslepp
Krigen i Ukraina gjer at situasjonen tidvis er uoversiktleg og ustabil når det gjeld tryggleiken omkring kjernekraftverka i landet. Eit utslepp av radioaktive stoff i Ukraina, vil ikkje føre til akutt fare for folk i Noreg. Avstanden er så stor at utsleppet vil fortynnast kraftig før det kjem hit.
Publisert 17.03.2022
Samtykke til å gje jodtablettar til barn i barnevernet
Det er viktig med kjennskap til barnets helse for å vurdere om barnet bør ta jodtablett ved atomnedfall, og det er derfor den som har omsorgsansvaret for barnets som må samtykke til dette.
Publisert 28.02.2022
Informasjon om jodtablettar og krigen i Ukraina
Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) seier at eit eventuelt utslepp av radioaktivitet i Ukraina ikkje vil gi akutt helsefare for folk i Noreg, og det vil såleis ikkje vere aktuelt å tilrå å ta jodtablettar. Generelt har DSA lenge tilrådd at alle under 40 år alltid lagrar jodtablettar heime.