Atomberedskap i landbruket

I tilfelle radioaktivt utslepp frå til dømes atomkraftverk i Ukraina, kan det bli svært aktuelt å sende ut varsel om tiltak som må gjennomførast på kort tid. Det er derfor lurt å kjenne til dette og å planlegge på førehand.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.10.2022

Viss det skulle skje ei uønskt hending som fører til utslepp av radioaktiv forureining i Ukraina, vil det verte fanga opp av dei etablerte systema for kontinuerleg overvaking og varsling på tvers av landa. Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) er norsk kontaktpunkt for slike meldingar, og har ansvaret for å sende informasjonen vidare til resten av atomberedskapsorganisasjonen. Statsforvaltaren er det regionale leddet, og har ansvaret for å formidle meldinga vidare til regionale og lokale aktørar.

DSA leiar Kriseutvalet for atomhendingar (KU). Ei av dei viktigaste oppgåvene til KU i innleiinga av ei atomhending, er å kome med pålegg (eventuelt forslag) om tiltak. Tiltak i næringsmiddelproduksjonen kan vere veldig relevante viss det skjer ei hending i Ukraina. Ved ugunstige vêrforhold kan det i verste fall ta mindre enn eitt døgn frå utslepp der til vi kan få det som nedbør her på Vestlandet. Ved ei hending kan det difor kome informasjon som SMS-meldingar frå Statsfortvaltaren eller kommunane til alle registrerte gardsbruk.

Mattilsynet har god informasjon på sine nettsider om atomberedskap og aktuelle tiltak, både retta til dei som produserer næringsmiddel, og om korleis privatpersonar kan og bør møte dette.

Mattilsynet si nettside om radioaktivitet

For matproduksjon er følgjande akutte tiltak mest aktuelle no om hausten. Sidan dei hastar bør det planleggast på førehand:

  • Ta inn husdyr slik at dei ikkje beiter på gras med radioaktiv nedbør.
    Dette er spesielt viktig for mjølkeproduserande husdyr.
  • Dekke til utandørslagra fôr. Rundballar i plast er godt nok beskytta.
  • Det aller meste av grønsaker, frukt og bær som skal brukast direkte som menneskemat er no hausta og i hus.
    Viss ikkje må ein prøve å hauste mest mogeleg, eventuelt også ta i hus eller dekke til planteprodukt som ligg ute.

Viss det skulle skje ei atomulukke, vil Mattilsynet gje meir detaljert informasjon.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.