Holmaneset

På bakgrunn av at kommunen ikkje har gjort ei sjølvstendig vurdering etter føresegna i naturmangfaldslova opphevar Statsforvaltaren Bremanger kommune sitt vedtak i områdereguleringsplanen for hydrogen- og ammoniakkfabrikk på Holmaneset og sender saka attende til kommunen for ny handsaming.

Publisert 08.10.2025

Bakgrunn

Kommunestyret i Bremanger godkjente områdereguleringsplanen for Holmaneset (planalternativ 2B) 20. mars 2025, sak KST-003/25. Det endelege planvedtaket vart kunngjort 27. mars 2025, med klagefrist 24. april 2025.

Det kom inn 14 klagar på vedtaket, og 7 av klagene er realitetshandsama.

6 av dei 7 klagene får ikkje medhald hjå Statsforvaltaren.

Opphevar vedtak

Statsforvaltaren har den 7. oktober oppheva Bremanger kommune sitt vedtak datert 20. mars, der områdereguleringsplanen for hydrogen- og ammoniakkfabrikk på Holmaneset er godkjent. Saka er sendt tilbake til Bremanger kommune for ny handsaming. 

Grunngjevinga for oppheving er at Bremanger kommune ikkje har gjort ei sjølvstendig vurdering etter føresegna i naturmangfaldslova.

I planarbeidet til kommunen skal det kome til uttrykk korleis prinsippa i naturmangfaldlova er vurderte og vekta opp mot andre omsyn. På grunn av at naturmangfaldet på Holmaneset gjer seg gjeldande i stor grad, meiner vi at kravet til vurderinga av prinsippa i naturmangfaldlova er skjerpa og at det må gjerast svært grundige vurderingar og avvegingar. Vi meiner minstekrava til vurdering og avveging etter naturmangfaldlova ikkje er oppfylte.

Kommunen og statsforvaltar si rolle i reguleringsplansaker

Kommunestyret

Det er kommunestyret som er kommunal planstyresmakt og som har ansvaret for arbeidet med reguleringsplanar. Det er kommunestyret som avgjer kva areal som skal inngå i planen, og kva desse areala skal nyttast til.  

I saker der det ikkje ligg føre motsegn frå offentlege sektorstyresmakter, ligg det i utgangspunktet til kommunestyret å ta stilling til dei ulike interessene og konfliktane, med mindre standpunkta saknar forsvarleg grunngjeving.  

Statsforvaltaren som sektorstyresmakt

Statsforvaltaren har ulike roller i arbeidet med plansaker. Eventuell usemje mellom Statsforvaltaren og kommunen om innhaldet i planen, skal i utgangspunktet løysast gjennom motsegnsinstituttet.  Om det skal leggjast ned motsegn eller ikkje, skal gjerast etter ei skjønnsvurdering. Vi har som sektorstyresmakt vurdert reguleringsplanen på Holmaneset, rådd sterkt frå å gå vidare med arbeidet, men ikkje fremja motsegn til planen.  

Når det ikkje ligg føre motsegn til reguleringsplanen, er vilkåret for at kommunen kan godkjenne planen i utgangspunktet til stades. Godkjenning av reguleringsplanen kan klagast på av partar og andre med rettsleg klageinteresse.

Statsforvaltaren som klageinstans

Statsforvaltaren har ved klagehandsaminga av reguleringsplanar, som i andre klagesaker, full prøvingstilgang- og plikt. Som klageinstans for kommunale planvedtak, er den primære oppgåva til Statsforvaltaren å ivareta rettstryggleiken til den enkelte. Vi skal kontrollere at planvedtaket er lovleg, at saka er forsvarleg opplyst og at sakshandsamingsreglane er følgde. Vi skal vise varsemd med å overprøve dei konkrete arealbruksvurderingane.

Utgangspunktet er at dei to ulike rollene Statsforvaltaren har, i plansaker og i klagesaker, ikkje fører til ugildskap. Handsaminga som sektorstyresmakt er heller ikkje førande for handsaminga som klageinstans. Det at Statsforvaltaren har rådd frå at kommunen går vidare med planen, er ikkje i seg sjølv nok til at tilsette hjå Statsforvaltaren i Vestland er ugilde til å handsame klagesaka. At Statsforvaltaren har gitt tydeleg uttrykk for faglege synspunkt, er heller ikkje nok til at nokon hjå Statsforvaltaren vert ugilde til å handsame klagesaka.    

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.