Arealforvaltning

Det er i utgangspunktet kommunen sjølv som avgjer korleis areala skal brukast, så lenge arealbruken er innanfor rammene av nasjonal politikk. Statsforvaltaren er fagstyresmakt innan landbruk, miljøvern, helse og samfunnstryggleik, og skal syte for at nasjonale interesser blir sikra. I tillegg skal vi sjå til at kommunale vedtak i plan- og byggjesaker er i samsvar med gjeldande lovverk.

Nasjonale retningslinjer må følgjast

Stortinget og regjeringa gir retningslinjer og rammer som kommunane skal leggje til grunn i arealforvaltninga. Statsforvaltaren skal sørgje for at kommunane sikrar nasjonale interesser innanfor miljøvern, landbruk, helse og samfunnstryggleik. Vi skal også sjå til at planlegginga er i tråd med interessene til barn og unge. Dersom den kommunale arealforvaltninga er i strid med nasjonale interesser, skal Statsforvaltaren gripe inn.

Statsforvaltaren kan gripe inn ved å varsle eller fremme motsegn til arealplanar eller klage på vedtak i byggjesaker (dispensasjonsvedtak) som er i strid med arealplanen. Dersom kommunen vel ikkje å ta omsyn til motsegna, går saka til mekling mellom partane. Om meklinga ikkje fører fram, kan kommunen be om at saka blir send til Kommunal- og moderniseringsdepartementet for endeleg avgjerd.

Statsforvaltaren er klageinstans

Dei som blir påverka av kommunale vedtak i reguleringsplanar og byggjesaker, og av vedtak etter jordlova, konsesjonslova og odelslova, kan klage til Statsforvaltaren. Statsforvaltaren behandlar også klagesaker etter matrikkellova, eigarseksjonslova, veglova, tomtefestelova og lov om kommunal forkjøpsrett. Statsforvaltaren er i tillegg klageinstans i saker der det offentlege overtek privat eigedom etter plan- og bygningslova (ekspropriasjon). Denne typen klager blir først behandla av kommunen. Dersom kommunen ikkje gir klagaren medhald, sender kommunen klagen til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd. 

Vis meir

Kommuneplanen skal ivareta kommunale, regionale og nasjonale mål, interesser og oppgåver. Retningsliner og pålegg frå statlege og regionale styresmaktar skal leggjast til grunn. Kommunen skal ha ein samla kommuneplan som omfattar ein samfunnsdel og ein arealdel.

Som grunnlag for kommuneplanlegginga skal det utarbeidast ein kommunal planstrategiminst ein gong i kvar valperiode og seinast innan eitt år etter konstituering av kommunestyret. Les meir om kommunal planstrategi.

Det skal utarbeidast planprogram som ledd i varsling av planoppstart for kommuneplanar. Planprogrammet skal m.a. gjere greie for føremålet med planarbeidet, planprosessen, utgreiingstema, opplegg for medverknad, kva for alternativ som skal vurderast. Konsekvensutgreiing skal inngå som del av planprosessen. Les meir om konsekvensutgreiing. 

Planprogrammet må også kommentere kunnskapsgrunnlaget for relevant naturmangfaldtema og vurdere om det er behov for meir kunnskap for å få saka tilstrekkeleg opplyst (naturmangfaldlovas § 8 og forvaltingslovas § 17).


23.06.2021

Nye retningslinjer for handsaming av støy i arealplanlegginga

Det er vedteke nye retningslinjer for handsaming av støy i arealplanlegginga. Dei framhevar støy som ein viktig premiss for arealplanlegginga, og at støy skal utgreiast på overordna plannivå. 


18.06.2021

Nye retningslinjer for planlegging i strandsona

Regjeringa har vedteke nye statlege planretningslinjer for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen. Retninglinjene understrekar at det er planlegging og ikkje dispensasjonar som skal avklare bygging i strandsona.


15.06.2021

Trekkjer klage i dispensasjonssak

Statsforvaltaren trekkjer klagen på Vik kommune sitt vedtak om frådeling av tomt og oppføring av bustadhus på ein gard i Feios.    


27.04.2021

Naturmangfald eller næring ved Loi?

Utbetringa av Seimsdalstunnelen i Årdal kommune vil gje om lag 250 000 m³ overskotsmasse. Grunna konflikt med store naturverdiar har Statsforvaltaren rådd frå å gje dispensasjon for å legge massane i eit større steindeponi ved Loi.


20.01.2021

Ny rapport om dispensasjonar i strandsona

Sivilombodsmannen har undersøkt alle vedtak om dispensasjonar for bygging i strandsona i tre kommunar, og gir no konkrete tilrådingar til alle kommunar.


18.01.2021

Kommunedelplan for naturmangfald

Kommunane har ei avgjerande rolle i å forvalta naturen på ein god måte og bidra til å stoppe tapet av naturmangfald. No kan kommunane søkje om tilskot for å utarbeide kommunedelplan for naturmangfald. Søknadsfrist 1. februar. 


11.01.2021

Status kommunale planstrategiar i Vestland

Ved starten på nyåret har 24 av 43 kommunar i Vestland vedteke sine kommunale planstrategiar, medan 19 kommunar er undervegs i arbeidet.


17.11.2020

Korleis ta vare på natur i endra klima?

Den 24. november kan du delta på webinar for kommunane om klimatilpassing av naturmiljø. Klimatilpassing er ein viktig del av naturforvaltninga i kommunane, og no kjem rettleiaren til korleis kommunane kan ta plangrep for å ta vare på naturen betre. 


16.10.2020

3D-visualisering av strandsona

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har laga ein rettleiar for korleis kommunar kan ta i bruk 3D-modellar til planlegging og forvaltning av strandsona langs sjøen. 


07.10.2020

Fråsegn til revisjon av statlege planretningslinjer for strandsona

Kommunane i Vestland fylke er som i gjeldande retningsliner plasserte i sone to og tre. Fylkesmannen har tidlegare peika på at kommunar med samanliknbart og stort byggjepress bør liggje i sone to. I fråsegna minner vi om det.   


Kontaktpersonar

Viktige lenkjer og dokument for kommunane

Viktige lenkjer og dokument for kommunane

Under revisjon

Noko av innhaldet under "Arealforvaltning" er utdatert og skal oppdaterast.