Byggjegrenser langs sjø i plan

Byggjegrenser langs sjøen i LNF-område utan opning for spreidd bygging gjeld berre for tiltak i samsvar med LNF-formålet. I arealdelen til kommuneplanen må eventuell bruk av byggjegrenser i strandområde med LNF-formål avgrensast til dei områda der det er opna for nødvendige bygningar, mindre anlegg og opplag i tilknyting til landbruk, reindrift, fiske, akvakultur eller ferdsel til sjøs, jf. pbl. § 11-11 nr. 4.                                   

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.11.2022

Byggjegrenser langs sjøen i LNF-område

Som kjent må det fastsetjast ei byggjegrense mot sjøen i område der det vert opna for utbygging, for at byggjeforbodet i pbl. § 1-8 skal bli oppheva. I planar som berre viser arealbruk til byggjeføremål, vil byggjeforbodet i 100-metersbeltet framleis gjelde. Ei byggjegrense nærare sjøen enn 100 meter kan berre setjast av etter ei konkret vurdering av verknadane for dei allmenne interessene i strandsona, som landskap, naturmiljø og friluftsliv. I område der konfliktgraden for desse interessene er låg kan kommunen vurdere å setje byggjegrensa nærare enn 100 meter frå strandkanten.   

Fylkesmannen vil understreke at det først og fremst er i byggjeområde og i LNF-område for spreidd bygging, utan reguleringskrav, at det er naudsynt å vise  byggjegrenser langs sjøen på plankartet i arealdelen til kommuneplanen.   

Kravet om byggjegrense gjeld for alle planar

Fylkesmannen vil minne om at kravet om byggjegrense i § 1-8 tredje ledd gjeld for alle planar. Dvs. at når eit område er regulert til byggjeformål, og det ikkje er sett ei byggjegrense mot sjøen, gjeld byggjeforbodet. Dette gjeld også for planar vedtekne med heimel i plan- og bygningslova av 1985. Sivilombodsmannen kom til dette standpunktet i ein uttale  frå 2015 og Kommunal- og moderniserings- departementet har seinare lagt dette til grunn, jf. brev til fylkesmennene 08.03.2017 (sjå vedlegg i høgremargen). 

Løyve til bygging av tiltak i samsvar med planar utan byggjegrenser kan berre gjevast etter dispensasjon, planendring eller ny plan med byggjegrense.   

Landbrukstiltak i strandsona og byggjegrenser  

Etter PBL 1985 var m.a. landbrukstiltak heilt unnateke byggje- og deleforbodet i  dåverande § 17-2. Etter endringar i gjeldande lov er også slike tiltak omfatta av pbl. § 1-8. Tiltaksforbodet i 100-metersbeltet langs sjøen innanfor LNF-områda gjeld altså også for landbrukstiltak, dvs. at det i LNF-område langs strandsona i utgangspunktet er totalt byggjeforbod. 

I dei område der det i arealdelen til kommuneplanen er fastsett føresegner etter pbl. § 11-11 nr. 4 som opnar for oppføing av nødvendige bygningar, mindre anlegg og opplag i tilknyting til landbruk, reindrift, fiske, akvakultur eller ferdsel til sjøs, gjeld derimot ikkje tiltaksforbodet i pbl. § 1-8 for desse konkrete tiltaka. Ein føresetnad for dette unntaket er at det også er gjeve føresegner om avstand til sjø eller vist byggjegrense i plankartet. 

Eventuell bruk av byggjegrenser langs sjøen i LNF-område må avgrensast til dei områda der det i arealdelen til kommuneplanen er opna for bygningar og anlegg etter pbl. § 11-11 nr. 4. Fylkesmannen vil understreke at byggjegrenser langs sjøen i LNF-område, utan opning for spreidd bygging, berre gjeld for tiltak i samsvar med LNF-formålet, og ikkje for tiltak som hytter eller naust. 

Ein søknad om bygging av t.d. eit naust ved sjøen, som ikkje er knytt til næring, vil krevje dispensasjon frå tiltaksforbodet i pbl. § 1-8 sjølv om naustet ligg bakanfor byggjegrensa i LNF-området. Tiltaket vil sjølvsagt også krevje dispensasjon frå LNF-formålet.    

Fylkesmannen vil ut frå dette rå frå å setje av ei byggjegrense langs sjøen innanfor alt areal som er sett av som LNF-område i arealdelen til kommuneplanen.   

Avklaring av landbrukstiltak i kommuneplanen

For å sikre ei rett vekting mellom landbruksomsyn og strandsoneomsyn langs sjøen i LNF-område, er det viktig at kommunane lagar konkrete føresegner heimla i pbl. § 11-11 nr. 4. Ein måte å gjere dette på kan vere å ta inn ei føresegn med følgjande ordlyd: "Naudsynte bygningar og anlegg for landbruk og gardsbasert næringsverksemd kan oppførast i 100- metersbeltet langs sjøen dersom bygningen eller anlegget vert plassert i tilknyting til eksisterande tunskipnad". Kombinert med konkrete avstandskrav til sjøen i føresegnene og/eller byggjegrense i plankartet kan dette gje ei god styring av landbrukstiltak i arealdelen til kommuneplanen. 

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.