Informasjonsfase og møte i den marine verneprosessen

Her kan du finne referat og presentasjonar frå verneprosessen for Sognefjorden. Sida vil bli oppdatert når det kjem nye referat.
Møte og dialog er viktig
Gjennom heile verneprosessen vil vi ha møte og kontaktpunkt av ulike slag. Ikkje alle møte har referat, men for møta der det blir ført referat vil vileggje disse her i høgrefana. Utgreiingsprogrammet set føringar for medverknad og korleis vi skal jobbe med involvering. Vi nyttar heimesidene våre for å spreie informasjon.

Så snart vi fekk oppdraget hadde vi møte den 4. februar 2022 med politisk og administrativ leiing i Vestland fylkeskommune. Vi inviterte deretter alle kommunane, verdsarvparken og verneområdestyra for Nærøyfjorden og Stølsheimen til eit innleiande møte i Kaupanger den 30. mars same år.
Vi har, sidan oppstartsmeldinga vart sendt ut, stilt oss til disposisjon for å orientere om vernearbeidet i kommunane. Per juni 2025 har vi no vore i alle ti kommunestyra langs fjorden. Det er av høgste prioritet å møte kommunestyra slik at vi lettare kan forstå korleis den enkelte kommunen stillar seg til prosessen og kunne spreie kunnskap om kva vernet vil kunne bety.
Referat ligg til høgre. Vi har også lagt ut ei oversikt over alle møte/treffpunkt så langt i prosessen, denne er oppdatert pr. 2. juli 2025.
I høgrefana kan du også følgje lenkja for å få meir informasjon om marint vern og for å få oversikt over prosessen for marint vern av Sognefjorden framover.
Kontaktpersonar
-
Aslaug Aalen
Tlf: 55 57 20 13 -
Eline Orheim
Tlf: 57 64 30 12 -
Maria Knagenhjelm
Tlf: 57 64 31 37
Dokument
- Referat frå dialogmøte med fylkeskommunen 02.04.2022
- Referat etter informasjonsmøte om verneplanprosessen for Sognefjorden 30.03.2022
- Marint vern Sognefjorden - møte i Sogn regionråd 09.12.2022
- Referat frå møte om marint vern av Sognefjorden med Gulen Hyllestad og Høyanger 21.11.2024
- Referat frå møte mellom statsforvaltar og ordførarane rundt Sognefjorden om marint vern 18. juni 2025
- Oversikt over møte under verneprosessen for Sognefjorden.pdf