Ramslauk er freda i naturreservat

Ramslauk har blitt stadig meir populært å plukke, og det er ein del av allemannsretten å kunne plukke bær, matsopp og nyttevekstar som ramslauk. Pass likevel på at du ikkje plukkar i eit verneområde, for der er ramslauken freda.
Ramslauk har blitt stadig meir populært å plukke, og det er ein del av allemannsretten å kunne plukke bær, matsopp og nyttevekstar som ramslauk. Pass likevel på at du ikkje plukkar i eit verneområde, for der er ramslauken freda. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Tom Dybwad.

Ramslauk har blitt stadig meir populær til matlaging. At folk nyttar naturen som spiskammer er gledeleg, men sanking av ramslauk i naturreservat er faktisk forbode. Her er alle planter freda.

Publisert 08.06.2021

Sommaren er på veg, og det er sesong for ramslaukplukking. Ramslauk er ei fleirårig løkplante som veks i store bestand. Den blømer no i mai/juni. Det er blitt populært å plukke ramslauk, men pass på at du ikkje plukkar liljekonvall! Den er nemleg giftig, og det er lett å forveksle dei. Liljekonvallen luktar ikkje lauk som ramslauken, liljekonvallen er raud nedst på bladskaftet og har stivare og blankare blad. Når dei blømer tek du ikkje feil av dei to artane. 

Det er forbode å plukke ramslauk i naturreservat

Ramslauken trivst på næringsrik grunn, gjerne i fuktige område i edellauvskog. Mange av førekomstane av ramslauk ligg innanfor naturreservat. Føremålet med reservata er å ta vare på viktige naturområde. Ofte har verneområdet særprega vegetasjonstyper, og plantelivet er difor freda. Dette inneber at plukking av ramslauk og andre planter ikkje er lov.

Korleis veit du om du er i eit verna område?

Dei fleste som sankar ramslauk i verna område er nok ikkje klar over at dette er forbode. Anten fordi dei ikkje veit at dei er inne i eit verneområde, eller fordi dei ikkje kjenner til gjeldande vernereglar. For å få oversikt over kor det er verneområde kan du gå inn på naturbase.no eller Miljøstatus Kart som du også kan laste ned som app på mobilen. Ved å trykke på eit verneområde finn du informasjon om det enkelte området og om kva reglar som gjeld der (verneforskrifta).

Du kan plante ramslauk i din eigen hage

På enkelte hagesenter kan du kjøpe ramslauk for utplantning i eigen hage. Hugs at ramslauken trivst best på ein skuggefull plass med fuktig jord.

Utanfor naturreservat kan du sjølvsagt plukke ramslauk på lik linje med bær og matsopp. Hugs likevel å plukke varsamt. La rota stå att, og ta berre det du treng, og la andre som kjem etter deg også få sjansen til å plukke litt. Om ein unngår slitasje og snauplukking vil ramslauken komme att år etter år. Om du skal plukke i store kvantum eller til kommersiell bruk er det greitt å spørje grunneigar om lov.

God tur!

Det er spennande å komme over eit felt ramslauk. Plukking av mindre mengde til eige bruk kan vere ein fin aktivitet. Hugs at du berre bør plukke enkle blad, og la rota stå att. Unngå for mykje trakk og plukk mindre mengde fordelt ut over eit felt. Då kjem ramslauken lettare att år etter år.
Det er spennande å komme over eit felt ramslauk. Plukking av mindre mengde til eige bruk kan vere ein fin aktivitet. Hugs at du berre bør plukke enkle blad, og la rota stå att. Unngå for mykje trakk og plukk mindre mengde fordelt ut over eit felt. Då kjem ramslauken lettare att år etter år. Foto: Liv Byrkjeland.

Lenkjer