Vi tilrår Hammarland naturreservat i Bjørnafjorden kommune

I samarbeid med grunneigar kan vi tilrå vern av 502 dekar med verdifull natur på Hammarland i Bjørnafjorden som nytt naturreservat. Les heile tilrådinga vår her.
Som del av arbeidet med å ta vare på naturmangfaldet i Vestland fylke tilrår vi opprettinga av Hammarland naturreservat i Bjørnafjorden kommune. Det samla arealet vi foreslår til vern har ein storleik på 502 dekar, der 475 dekar er registrert som skogdekt.
Arealet er eigd av privat grunneigar som har signert avtale etter prosedyra for frivillig skogvern, og det er AT Skog som har forhandla med staten på deira vegner.
Arealet vart kartlagt etter Miljødirektoratet sin nye kartleggingsmetodikk for skogvernområde etter at vi mottok tilbodet frå grunneigar.
Kor ligg Hammarland?
Området ligg om lag 5 km aust for tettstaden Eikelandsosen i Bjørnafjorden kommune. Arealet har i hovudsak ein austleg eksponering og ligg på vestsida langs Gjønavatnet. Det ligg innafor boreonemoral vegetasjonssone i sterk oseanisk seksjon. Kandidatområdet utgjer skog av varierte kvalitetar, frå fattig bjørkeskog til svært store naturkvalitetar og styvingstre av ask i boreonemoral regnskog. I øvre parti førekjem vekselvis rike og fattige skogtypar om kvarandre, og skogen er truleg blitt beita tidlegare.
Eit område med lang brukshistorie
Arealet er ein del av Kikedalen som er eit av 18 område i Vestland som er klassifisert som nasjonalt verdifullt kulturlandskap. Styvingsskogen i dei bratte dalsidene går attende til mellomalderen. Heile dalføret ber preg av at ein har drive med tradisjonell fôrsanking heilt fram til vår tid. I nedre parti rett ovanfor Hammarland gard finn ein styvlingsli med ask. Desse er grove, med høg tettleik av tre og området vert vurdert som svært verdifullt. Lia er tidlegare registeret under naturtypekartlegginga og klassifisert som A-verdi (etter DN-handbok 13).
Hammarland husar truga, sjeldne og sårbare artar og naturtypar
Vern av tilbodsområdet Hammarland vil bidra til å dekke manglar i skogvernet av boreonemoral regnskog og frisk rik edellauvskog som begge er raudlista naturtypar. Raudlista arter registrerte innanfor området er særleg knytt til boreonemoral regnskog og gamle alme - og asketre: alm (EN), ask (EN), strutlav (EN), bleik kraterlav (VU), almekullsopp (NT).
Ein inkluderande og open verneprosess er avgjerande
Oppstartsmelding og høyringsdokument for verneområdet vart sendt til relevante sentrale og lokale partar, sjå adresseliste bak i dokumentet til høgre. Det kom inn fleire innspel til verneprosessen, desse er omtala i tilrådinga. Der ligg også eit samandrag av innspela og våre kommentarar til desse.
I tillegg til utsending av oppstarts- og høyringsdokument direkte til aktuelle høyringsinstansar, er både oppstart og høyring presentert på nettstaden vår og kunngjort i aviser som er lest lokalt og regionalt. Verneforskrifta er tilgjengeleg til høgre i denne nettsaka. Der ligg også lenkje til både oppstartsmeldinga og høyringsdokumenta.
Miljødirektoratet skal handsame saka vidare før den blir sendt til KLD og lagt fram for vernevedtak i statsråd. Vi håpar på vernevedtak i 2025.
Kontaktpersonar
-
Henriette Bye
Tlf: 57 64 30 08 -
Maria Knagenhjelm
Tlf: 57 64 31 37