Vi startar verneprosess for Kudalen naturreservat i Stad

Grunneigar kikker ut over terrenget mellom fjord og fjell aust for Hunvika i Stad kommune. Han og tre andre i felleseiget har tilbydd området til vern som naturreservat.
Grunneigar kikker ut over terrenget mellom fjord og fjell aust for Hunvika i Stad kommune. Han og tre andre i felleseiget har tilbydd området til vern som naturreservat. Foto: Statsforvaltaren i Vestland v/Maria Knagenhjelm.

Etter dialog med grunneigarane melder vi formell oppstart av skogvernprosess for Kudalen naturreservat i Stad kommune. Du er velkommen til å sende innspel til oppstartsmeldinga innan 16. februar 2021. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.01.2021, Sist endra 25.01.2021

Vi ønskjer med dette å informere om prosessen som no startar opp etter naturmangfaldlova, og for å innleie til medverknad og innspel frå aktuelle partar.

Tilbodsområdet Kudalen ligg langs ei fjordside i midtre Nordfjord, på austsida av grenda Hunvika i nærleiken av Nordfjordeid, Stad kommune. Det føreslegne verneområdet er lokalisert på gards- og bruksnummer 18/1-4 og er eit sameige med fire private grunneigarar. Dei har underskrive tilbod om vern av Kudalen som naturreservat etter prosedyren om frivillig skogvern. Vi melder oppstart av verneprosess for eit areal med storleik på 1600 dekar.

Ståande og liggjande døde tre er avgjerande for overlevinga til mange sopp, insekter, lav og fugl. Jo større det døde treet er, jo fleire artar får plass på det! Kudalen har slike døde tre i alle nedbrytingsfaser, og av ulike treslag.
Ståande og liggjande døde tre er avgjerande for overlevinga til mange sopp, insekter, lav og fugl. Jo større det døde treet er, jo fleire artar får plass på det! Kudalen har slike døde tre i alle nedbrytingsfaser, og av ulike treslag. Foto: Statsforvaltaren i Vestland v/Maria Knagenhjelm.

Kartlegging

Etter at vi fekk tilbod om vern frå grunneigarane via AT Skog fekk firmaet Rådgivende biologer (RB) tildelt oppdraget med å kartlegge arealet for å vurdere vernekvaliteten. Dei var i Hunvika og Kudalen i juli 2020 og gav det kartlagte arealet **/***. Delar av tilbodsarealet var utilgjengelig for kartlegging grunna svært bratt og rasutsett terreng. Sakshandsamar i embetet deltok på den biologiske kartlegginga. Den endelege kartleggingsrapporten kjem ila februar/mars, og vil bli tilgjengeleggjort og omtalt meir under høyringa av verneframlegget.

Verneverdiar

Det tilbydde området dekkjer heile gradienten frå fjord til fjell i midtre Nordfjord og ligg vendt mot sør- sørvest. Verneforslaget består av gammal furuskog med bjørk og osp. Mykje lungenever og hengelav er jamt fordelt i området som vart kartlagt. At området ligg i boreonemoral sone, delvis lokalisert i lågareliggjande område og har ein del areal på høgare bonitetar gjer i tillegg området relevant i vernesamanheng. Kudalen har regionale - nasjonale verneverdiar (2-3 stjerner), og RB vurderer tilbodsområdet til delvis å oppfylle manglar i skogvernet i Vestland.  

Lungenever er ein lav som trivst på barken til gamle lauvtre, gjerne med såkalt "rik bark" som denne rogna. Lungenever ein art som trivst i fuktig klima.
Lungenever er ein lav som trivst på barken til gamle lauvtre, gjerne med såkalt "rik bark" som denne rogna. Lungenever ein art som trivst i fuktig klima. Foto: Statsforvaltaren i Vestland v/Maria Knagenhjelm.

Mål om 10 prosent vern av skogen i Vestland

Det er ei nasjonal målsetjing å redusere tap av naturmangfald, og som eit ledd i dette har regjeringa ei langsiktig målsetjing om at om lag 10 prosent av skogen i Norge skal bli verna. Med om lag 3 prosent av skogen i fylket verna i løpet av 2020, er vi enno langt unna dette målet i Vestland. Med eit vern av Kudalen som naturreservat vil vi komme litt nærmare målet om å ta vare på eit større område med potensiale for sjeldne og trua artar og naturtypar i fylket.

Kva betyr det at eit område vert verna? 

For å ta vare på store og sårbare naturkvalitetar i eit område er det nødvendig med ei verneform som sikrar mot inngrep. Det er difor ønskjeleg å verne Kudalen som naturreservat. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane i naturreservatet. Vernet vil òg føre til visse restriksjonar på bruk av området, både når det gjeld hogst og andre inngrep. 


Grunneigar vil framleis ha rett til jakt og fangst, og ålmenta vil framleis kunne nytte området til enkelt friluftsliv, plukke matsopp og bær. Eksisterande hytte ved Kudalsvatnet skal grunneigar kunne halde ved like. Kulturminne kan bli restaurert og ivareteke i samråd med kulturminnemynde. Området er lite i bruk av husdyr i dag. Det er ein tursti til Dalssætra, og sjølve sætra med eit omkringliggjande areal ligg utanfor vernegrensa.

Dalssetra ligg utanfor det føreslegne naturreservatet. Det er eit populært turmål å gå hit, og mange held sela sine godt ved like. Det går sau og beiter i området.
Dalssetra ligg utanfor det føreslegne naturreservatet. Det er eit populært turmål å gå hit, og mange held sela sine godt ved like. Det går sau og beiter i området. Foto: Statsforvaltaren i Vestland v/Maria Knagenhjelm.

Innspel og vidare framdrift  

Vi ønskjer innspel på verneforslaget slik at prosessen og tema kan bli så opplyst som mogleg. Når innspel til denne oppstartsmeldinga er vurdert, vil vi sende eit meir detaljert forslag til vern på høyring. Vi håpar på vernevedtak innan utgangen av året.  

Send innspel til oppstartsmeldinga med brev til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller per e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no før 16. februar 2021 

Meir informasjon om naturkvalitetane, kartavgrensing og verneforskrift finn du til høgre. Vi har òg ei eiga temaside om frivillig skogvern med generell informasjon om ordninga.  

Furua er ei av dei første pionerane som kom til landet vårt etter siste istid. Den er nøysom og trivst på skrinn jord, røtene stikk djupt ned for å finne næring. Det skal storme mykje før furua knekk over ende, men også furua må gje etter for tidens tann.
Furua er ei av dei første pionerane som kom til landet vårt etter siste istid. Den er nøysom og trivst på skrinn jord, røtene stikk djupt ned for å finne næring. Det skal storme mykje før furua knekk over ende, men også furua må gje etter for tidens tann. Foto: Statsforvaltaren i Vestland v/Maria Knagenhjelm.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.