Oppdrag om vern av Sognefjorden

Det største relieffet langs Sognefjorden finst ved fjellet Bleia i Lærdal kommune. Frå toppen av fjellet til botnen av fjorden er det over 2800 meters høgdegradient. Bleia er ein del av verdsarven Vestnorsk fjordlandskap.
Det største relieffet langs Sognefjorden finst ved fjellet Bleia i Lærdal kommune. Frå toppen av fjellet til botnen av fjorden er det over 2800 meters høgdegradient. Bleia er ein del av verdsarven Vestnorsk fjordlandskap. Foto: Maria Knagenhjelm.

Miljødirektoratet gir Statsforvaltaren i Vestland oppdrag om å starte verneplanprosess for Sognefjorden.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.03.2022, Sist endra 11.03.2022

Sognefjorden er eit eineståande geologisk fenomen som verdas djupaste fjord. Frå fjordbotn og opp er det stadvis over to km med fjellsider som reiser seg og som skapar eit særprega fjordmiljø. 

Oppdraget til Statsforvaltaren i Vestland vil omfatte sjøareal i 9 kommunar rundt Sognefjorden, og her vil lokal medverknad og forankring vere viktig. Vi planlegg å kalle inn til eit møte med kommunane og andre interesser der vi vil informere om prosessen vidare. Oppdragsbrevet frå Miljødirektoratet til Statsforvaltaren ligg i høgrefana. Sjå kartet til høgre for avgrensinga i mandatet.

Kvifor Sognefjorden?

Sognefjorden har vore eitt av 36 område i landet som vart føreslege til marint vern i ei tilråding, utarbeidd av rådgjevande utval for marin verneplan i 2004. Sognefjorden er, med til dømes Dalsfjorden og Korsfjorden i fylket vårt, representativ for fjordane i Noreg. Dei 36 utvalte kandidatområda utgjer representativ undersjøisk natur frå kyst til skjærgarden og er valt ut som resultat av ein lang prosess. Der vart både dei særeigne kvalitetane og representativiteten vektlagt, også på eit regionalt nivå.

Områda vart også valt ut for å vere relativt lite påverka og for å kunne tene som referanseområde for forsking og overvaking. Sognefjorden er ein kandidat som kan representere dei finaste og mest særeigna undersjøiske naturområda vi har i landet.

I den nyleg framlagde stortingsmelding nr 29 (2020–2021) Heilskapleg nasjonal plan for bevaring av viktige område for marin natur er det presisert at marin verneplan frå 2004 skal halde fram. Av dei 36 kandidatområda som låg inne i marin verneplan, er så langt 16 verna etter naturmangfaldlova og 3 beskytta etter havressurslova.

Dialog og prosess

Statsforvaltaren vil invitere til dialog med kommunane og andre interessentar for å oppnå god lokal medverknad og forankring. 

Kandidatområdet Sognefjorden er så stort at det utløyser behov for konsekvensutgreiing (KU). Regelverket om KU skal sikre ein open prosess, slik at alle partar og interessentar blir høyrt. Slik kan ein betre vurdere enkelte og dei samla konsekvensane som eit marint vern vil innebere for miljø, samfunn og næringsinteresser i området. Vi vil utarbeide eit framlegg til utgreiingsprogram som blir sendt på høyring i lag med meldinga om oppstart av planarbeidet.

Les meir om kandidatområdet på temasida vår her.

Eit marint vern vil ikkje leggje restriksjonar på ferdsel, verken på store eller små fartøy. Også drift og vedlikehald av eksisterande infrastuktur vil kunne fortsette som tidlegare.
Eit marint vern vil ikkje leggje restriksjonar på ferdsel, verken på store eller små fartøy. Også drift og vedlikehald av eksisterande infrastuktur vil kunne fortsette som tidlegare. Foto: Toril Mulen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.