Ytre Hardangerfjorden marine verneområde

kystlandskap med øyer og skjer sett frå droneperspektiv
Utsyn over øy- og kystlandskapet i Ytre Hardangerfjorden, eit mosaikk av grøne holmar, lune viker og fjordar som skjer seg inn mellom skogkledde åsar. Under overflata er det eit mangfaldig undersjøisk landskapet som inneheld alt frå korallar og svampar til tareskog og skjelsand – eit mylder av liv i stadig endring. Foto: Magnus Johan Steinsvåg.
Ytre Hardangerfjorden er eit av dei mest særprega marine områda på Vestlandet. Her finn vi ei unik morenerygg frå siste istid, sterke botnstraumar og eit rikt undersjøisk landskap med korallar, svampar og sjeldne djupvassartar. 

Ein fjord med særprega geologi og rikt liv

Frå sørspissen av Huglo til øya Hille vest av Halsnøy ligg ein stor morenerygg som kryssar fjorden på tvers. Over denne terskelen strøymer det ein kraftig botnstraum som tilfører næring og legg grunnlaget for eit rikt og variert dyreliv. Her finn vi store førekomstar av korallar og svampar. Moreneryggen er ein israndavsetnad frå siste istid og er av nasjonal betydning. Dei spesielle naturtilhøva gjer Ytre Hardangerfjorden til eit foreslått kandidatområde for marint vern, som eitt av 36 område i landet.

Arktiske korallar og sjeldne djupvassartar

Inne i Husnesfjorden er djupna meir enn 500 meter, og her lever den sjeldne fjørstjerna lofotsjølilje (Rhizocrinus lofotensis), ein djupvassart som vanlegvis berre er kjent frå fossile funn. På botnen finn vi også bambuskorallen Isidella lofotensis, som har eit ledda skjelett og lange, tynne «fingrar». Ho veks svært sakte og blir rundt 30 centimeter høg. Begge artane er vanlegare i arktiske havområde, og bambuskorallen er berre ein gong registrert utanfor Noreg.
nærbilete av eggkapsel i korallrev
Biletet syner tette førekomstar av kaldtvasskorallar i Ytre Hardangerfjorden. Korallane veks langs moreneryggen der sterke botnstraumar gir næring og skapar eit rikt økosystem under overflata. Foto: Havforskningsinstituttet.

Bukkarevet - eit  korallrev gjennom tusenår

Bukkarevet, sør for Bukkaskjeret, ligg på ein av tersklane i Hardangerfjorden og strekkjer seg fleire hundre meter i begge retningar. Havforskingsinstituttet meiner at korallrevet kan vere opptil 4000 år gammalt. Revet vart oppdaga i 2019 og var lenge det største kjende korallrevet på Vestlandet. Korallane veks sakte, om lag 5 mm i året, og er svært sårbare for påverknad – men Bukkarevet er i god stand.

Viktig leveområde for brisling, torsk og sjøkreps

Om lag ein fjerdedel av verdas kjende kaldtvasskorallar finst i Noreg, og dei er viktige oppvekstområde for ei rekkje marine artar. Ytre Hardangerfjorden er mellom anna viktig for brislingbestanden i delar av året. Det er registrert eit regionalt viktig gytefelt for torsk mellom Flornes og Skorpo, og tre sentrale oppvekst- og beiteområde for kysttorsk: rundt Ånuglo og Seløy, aust av Huglo og sør for Halsnøy kloster. Sjøkreps er også vanleg i området.
nærbilete av masse brisling
Brislingen lever i stim. Terskelområdet i Ytre Hardangerfjorden er viktig for brislingbestanden i delar av året og fungerer både som oppvekst- og beiteområde for fleire fiskeslag. Foto: Erling Svensen.

Verneverdiar og verneføremål

Formålet med marint vern er å ta vare på representative, særeigne, sårbare og trua naturverdiar i norske hav- og kystområde. Dei 36 kandidatområda skal til saman spegle breidda av norsk marin natur. Marint vern omfattar både botn, botnlevande organismar og organismar i vassmassane.

I Ytre Hardangerfjorden er kontrasten mellom den artsrike moreneryggen og dei djupe blautbotnsona i Husnesfjorden ein sentral verneverdi. Moreneryggen er ei spesiell geologisk førekomst av nasjonal betydning, og fleire sjeldne artar og naturtypar er knytte til området.

Hardangerfjorden har dessutan stor forskingsinteresse. Mykje er undersøkt, men forskarane gjer stadig nye funn Det blir ofte sagt at vi veit meir om månen enn om sjøbotnen i fjordane våre.

ein sjøkreps på mudderbotn med sjøfjærskog rundt seg
Sjøkreps trivst i Ytre Hardangerfjorden. Området har gode levekår for sjøkreps og fleire sjeldne djupvassartar, mellom anna i dei særprega blautbotnsonene i Husnesfjorden. Foto: Espen Rekdal.

Friluftsliv og kulturminne 

Rundt kandidatområdet er det spreidd busetnad og jordbruk, og fjorden er mykje brukt til friluftsliv og fritidsbåttrafikk. Cruisebåtar fører årleg mange turistar innover fjorden for å sjå fjell, fjord og bre.

Frå Leirvik-området er det funne nausttufter frå 500-talet. I hamneområdet er det registrert både handelsstad og ballastrøys, og ved Storsøy er det funne kvernsteinar på havbotn. Namnet Jektevika kan òg peike mot marine kulturminne. Sjå fleire registreringar av kulturminne ved å følgje denne lenkja

Fiske på fritid og i næring

Ytre Hardangerfjorden har tradisjonelt vore eit rikt fiskeområde. Fritidsfiske og fisketurisme kan halde fram som vanleg, og fiske med passive reiskapar vil vanlegvis vere tillate. 

Fiske etter pelagiske artar i frie vassmassar etter havressurslova påverkar ikkje verneverdiane og er lov etter verneforskrifta. Fiskeri med reiskap som rører botn kan medføre skade og øydelegging av dyrelivet i sjø (sjå forskrifta § 3 bokstav b) og er difor ikkje lov. Forvaltningsstyresmakta kan likevel gi løyve til reketråling i avgrensa omfang innanfor dei to kartfesta referanseområda på vernekartet. 

Det er heller ikkje lov med tråling etter tare i verneområdet fordi vegetasjonen, medrekna tang, tare og andre marine planter, er verna mot skade og øydelegging. Historisk har det ikkje vore taretråling her i kommersiell skala. 

to born som fiskar med ei kvinne i kystlandskap frå båt
Friluftsliv og naturopplevingar er ein vanleg aktivitet både for fastbuande og tilreisande. Fjorden er eit populært område for båtturar, rekreasjon og utforsking av kystnatur for både store og små. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Næringsaktivitetar

Det er ikkje lagt opp til restriksjonar på drift og vedlikehald av eksisterande anlegg og innretningar. Dette gjeld mellom anna for akvakulturanlegg. Det finst i dag fleire oppdrettsanlegg innanfor vernegrensa, og endå fleire ligg i randsona utanfor grensa. Vernereglane vil ikkje ha konsekvensar for ordinær drift av desse verksemdene, då disse allereie har fått konsesjon. Nye anlegg og utvidingar av eksisterande anlegg må vurderast etter verneforskrifta. Hardangerfjorden har urovekkande utvikling i miljøtilstanden, og nye søknadar vil bli vurdert etter same kriterier som elles på kysten, i tillegg til verneforskrifta. 

Berekraftig og skånsam hausting av skjel vil vere lov om det ikkje vil ha negative følgjer for verneverdiane. Utsetting av organisamar er forbode, noko som påverker framtidig havbeite.

Berekraftig hausting av skjel kan vere lov, medan skjelskraping og andre inngrep på botnen er forbode. Mindre uttak av sand til eige bruk for tilgrensande grunneigarar kan tillatast etter søknad. Dumping og deponering av massar er ikkje lov i eit marint verneområde. 

Skipstrafikk og akvakultur

Hardangerfjorden er ein viktig hovudled med mykje cruisetrafikk og lastetransport til og frå industristadane i Hardanger. Det er ingen fiskerihamner eller ankringsområde i sjølve verneområdet.

Det er fleire lokalitetar for produksjon av matfisk som laks og aure, dyrking av blåskjell og havbeite med dyrking av kamskjell i og i randsona for verneområdet. Vernegrensa er blitt endra i løpet av verneprosessen for å ta omsyn til desse næringane.

laks under vatn i mære
Akvakultur som allereie er etablert innanfor vernegrensene kan fortsetje sin aktivitet innanfor gjeldande konsesjonar. Ved utviding eller nyetableringar av akvakultur må tiltakshavar søkje om dispensasjon frå verneforskrifta. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Vernegrensa for det marine verneområdet

Grensa for det marine verneområdet dekker eit sjøareal på 67,8 km2 i kommunane Tysnes, Sotd og Kvinnherad med grense mot land langs djupnekote 2 m under sjøkartnull. Verneområdet femner om overflata, vass-søyla og sjøbotnen.

Vernegrensa følgjer marebakken på 2 meter djupne med unntak i område der det allereie er naturreservat på land som går ned til sjøen. Staten eig sjøbotnen frå marebakken og nedover, så i utgangspunktet vert ingen private grunneigarar direkte påverka. Bygging av naust og sjøboder følgjer plan- og bygningslova og blir forvalta av kommunen. 

Verneprosessen

Verneprosessen for kandidatområdet Ytre Hardangerfjorden vart, i lag med dei to andre kandidatområda Krossfjorden og Lurefjorden – Lindåsosane, starta opp  i februar 2015. Etter oppstart og høyring vart ei tilråding sendt i 2017 frå dåverande Fylkesmannen i Hordaland til Miljødirektoratet.

Avgrensinga av Ytre Hardangerfjorden på kart er justert i løpet av prosessen av omsyn til akvakulturnæringa og innspel frå kommunane, det er også gjort endringar og klargjeringar i vernereglane undervegs i prosessen.

Etter at dåverande Fylkesmannen sendte si tilråding til Miljødirektoratet har også Miljødirektoratet vurdert vernesaka og tilrådd vernet vidare til Klima- og Miljødepartementet. Neste steg i prosessen er det formelle vernevedtaket i statsråd. 

Meir informasjon om kandidatområdet finn du i dokument- og lenkjesamlinga oppe til høgre.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.