Truga viper på Herdla treng påskefred

Vipene er vurdert å vere sterkt truga. Det er snart hekkesesong, og dei er særs sårbare denne perioden. Om du skal på tur på Herdla naturreservat må du ta hunden i band og følgje oppmerka stiar.
Vipene er vurdert å vere sterkt truga. Det er snart hekkesesong, og dei er særs sårbare denne perioden. Om du skal på tur på Herdla naturreservat må du ta hunden i band og følgje oppmerka stiar. Foto: Magnus Johan Steinsvåg (copyright).

Vipene startar hekkesesongen på Herdla i desse dagar. Vipa er i alvorleg tilbakegang og er sterkt truga. Du kan hjelpe vipa når du går på tur i området ved å halde hunden i band, og sjølv kun gå på oppmerka sti og veg. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.03.2021

Naturreservatet er rikt på fugl

Herdla er eit naturreservat i Askøy kommune. Området er eit av dei viktigaste områda for fugl i heile fylket og området vart verna mellom anna for å ta vare på eit særleg rikt og variert fugleliv. Det er ikkje berre fuglane som trivst på Herdla, det gjer folk og. 

Landbruket på Herdla

På Herdla Gård er det aktiv landbruksverksemd. Markene her er innmarka til garden og det er ikkje lov å ferdast på innmarka når den ikkje er frosen eller snødekt. Ferdsle på innmark kan også føre til uheldige opplevingar for både folk og beitedyr.

Statsforvaltaren i Vestland er ansvarleg forvaltningsmyndigheit for Herdla naturreservat. Vi har gjort avtale med bonden om at eit større område på Herdlavalen i åra framover skal få vere vipeområde. Takka vere eit godt samarbeid mellom grunneigar og staten kan vi sørgje for at vipene får vere i fred for slåmaskin og gylleslange.

Mykje ferdsle på Herdla kan uroe

Vipene er no på plass på Herdla, og er snart i gang med hekking. Dei legg reira sine rett på bakken i kulturmarkene og er difor særs sårbare. Dei blir lett forstyrra på ulike måtar. Kvart år er det mange vipe-par som må avbryte hekkinga si på Herdla fordi dei blir uroa. Vi ønskjer difor å spreie kunnskapen om desse truga fuglane, slik at alle som er på tur kan ferdast varsamt og ta omsyn. 

Ta gjerne med kikkert så du kan nyte fuglelivet på avstand, og hugs å ha hunden i band, og følg oppmerka stiar. Då vil både vipene og du få ei fredfull påskehøgtid!  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.