I statsråd i dag vart Kvitingsmorki naturreservat i Årdal utvida

eit stort grovt lauvtre med grøn krune og sol gjennom bladene
Kvitingsmorki naturreservat er i hovudsak kjent for sin gamle furuskog frå fjord til fjell, men utvidingsområdet Skogateigen husar også verdifulle, edle lauvtre. Dette er ei lind med spor etter styving i nærleiken av Bermålstunnelen. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Kongen i statsråd vedtok i dag å verne 32 skogvernområde, der eit er i Årdal kommune. Kvitingsmorki naturreservat har fått ny verneforskrift og dekkar eit større areal. Vernet bidreg til å sikre viktig natur for framtida.

Publisert 12.12.2025

Vernevedtaket i dag omfattar om lag 42 km2 nytt verneareal i Noreg og vil bidra til å ta vare på norsk natur for kommande generasjonar.  Vernet bidreg også til å oppfylle dei nasjonale måla for naturmangfold som Stortinget har slutta seg til gjennom mellom anna Meld. St. 14 (2015-2016) Natur for livet og Meld. St. 35 (2023-2024) Bærekraftig bruk og bevaring av natur.

Forslaget bidreg til å nå Stortingets mål om vern av 10 prosent av skogarealet og til internasjonale mål og forpliktingar. Utan det gode samarbeidet med grunneigarane som frivillig skogvernordninga legg til grunn hadde utvidinga av Kvitingsmorki ikkje blitt ein realitet. Vi takkar for samarbeidet med AT Skog og grunneigarane som har delteke i prosessen. 

Ei verdifull fjordside med skog frå fjord til fjell 

Kvitingsmorki naturreservat vart etablert den 17. desember 1999, som ein del av verneplanen for barskog i Vest-Noreg. Dette var før ordninga med frivillig skogvern vart etablert. Det opphavlege naturreservatet var 17 300 dekar stort. Kvitingsmorki er med dagens vernevedtak utvida med 580 dekar (378 dekar produktiv skog). Nytt totalareal for Kvitingsmorki er no 17 951 dekar. 

Utvidingsarealet husar mykje av den same skogen som låg innanfor den tidlegare vernegrensa til Kvitingsmorki frå 1999. Der finn vi i stor grad boreal barskog og noko edellauvskog ned mot Bermålsnosi. Med utvidingsarealet, omtalt som Skogateigen, inkludert i naturreservatet dekkar vernet no meir av nedbørsfeltet og bind saman Kvitingsmorki med Bermålsnosi. 

Alt arealet ligg i Årdal kommune, men tilgrensande Lærdal kommune, der det nyetablerte Bermålsnosi naturreservat grensar til Kvitingsmorki. Saman utgjer desse to verneområda ei samanhengjande fjordside med verdifull skog frå fjord til fjell.  

Nasjonale mål sikrar skogvernarbeidet

Det er i verneprosessen ikkje avdekt vesentlege negative samfunnsmessige konsekvensar av vernet. Vernet bidreg til å nå Stortingets mål om vern av 10 prosent av skogarealet og til internasjonale mål og forpliktingar. 

Vernet vil bidra til å oppfylle dei nasjonale måla for naturmangfald som Stortinget slutta seg til mellom anna gjennom handsaminga av Meld. St. 14 (2015-2016) Natur for livet og Meld. St. 35 (2023-2024) Bærekraftig bruk og bevaring av natur

  1. Økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester.
  2. Ingen artar og naturtypar skal utryddast som følgje av menneskeleg aktivitet, og utviklinga for truga og nær truga artar og naturtypar skal betrast.
  3. Eit representativt utval av norsk natur skal bevarast for kommande generasjonar.

Verneforslaget vil også bidra til å nå FNs berekraftsmål nr. 15 Livet på land. Skogvern er vurdert som eit effektivt verkemiddel for å sikre norsk naturmangfald, bl.a. ved å fange opp truga og nær truga naturtypar og leveområde for mange truga og nær truga artar. 

Vi vil i løpet av kort tid sende ut kunngjeringsbrev og annonsere vernevedtaket i avisa. I løpet av kort tid vil også dei oppdaterte vernegrensene vere synlege på offisielle digitale kartdatabasar. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.